Bærekraft, natur og friluftsliv

Sunde barnehage har stort fokus på turar i naturen og friluftsliv. Vi har fleire flotte turmuligheter i nærområdet vårt - og dei bruker vi mykje. Barna på Solhøla går 2-4 dagar på tur i veka, Loppeheimen har minst ein turdag i veka. 

Rammeplanen seier: Barna skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Bærekraftig utvikling omfatter natur, økonomi og sosiale forhold og er en forutsetning for å ta vare på livet på jorden slik vi kjenner det. Barnehagen har derfor en viktig oppgave i å fremme verdier, holdninger og praksis for mer bærekraftige samfunn.

FRILUFTSLIV I SUNDE BARNEHAGE  

Sunde barnehage har eit ekstra friluftsfokus. Barnetalet i barnehagen er høgare i og med vi alltid har ei gruppe på tur, og er mykje ute. Vi leier areal på Sundsmyra til dette. Dette gir oss gode moglegheiter til å utforske naturen og friluftsliv. Barnehagen ligg også plassert slik at vi har god tilgang til skog, fjøre, gapahuk, idrettsanlegg og fjell - og ikkje minst utsikt til den vakre Hjørundfjorden 

 

Friluftsliv for oss i Sunde barnehage dreier seg mykje om å bruke nærmiljøet vårt. Dei enkle ting som å bevege seg i ulendt terreng, klatre i tre, rulle i graset. Bruke sansane våre, sjå vakre fjell og nervane i kronblada til ein blomst, kjenne på harde steinar og mjuk mose, høyre fuglekvitter og heilt stille, lukte på råtna tang og vått gras. Og i desse situasjonane ha med personale som er med på den undringa som skjer over naturen. Kva heiter den fuglen som kvitrar? Kvar bur mauren? Kvifor er fjøra større nokre dagar? Vi reflekterer og finn svara i lag. 

 

Friluftsliv dreier sog også om å introdusere ulike teknikkar og utstyr, og kunnskap om desse. Kven, kvar og korleis kan ein tenne opp bål? Kva mat er godt å lage på bål? Kva må vere med i ein sekk når vi skal gå på tur? Kvar kan vi gå på do? Forstørrelsesglass er kjempespanande, det same er kikkert. Vi heng opp hengekøyer, sett opp lavvo, bygg gapahuk, lager balansetau og bruker kniv.   

Friluftsliv skjer også inne og ute i barnehagen vår. Vi tek med snø og anna naturmateriale inn og forskar på dei. Teknikkane vi bruker på tur, kan ofte med fordel verte brukte og introduserte i barnehagen. På uteområdet kan vi bruke kart og orientere oss i etter det, finne ut om kart og terreng stemmer.  

 

Digitalt utstyr er også blitt ein del av friluftlivet. Ulike kartfunkjsonar og opplagsverk vert nytta, og vi nytter blant anna digitalt mikroskop. Ein del av opplevinga er også å ta bilde på tur, og forsterke opplevinga, kunnskap og refleksjon ved å sjå på bilda i felleskap på lerret.   

 

 

Sunde barnehage sitt fokus på bærekraft vil mykje handle om å gi barn muliget til å sjå samanhengane i naturen og å skape naturglede. Er vi glade i det som veks, vil vi ofte ta vare på det. Vi plukker søppel på tur, vi sorterer avfall og praktiserer sporfriferdsel. Vi er likevel bevisste FN sine bererkraftsmål, og arbeider etter dei. Dei ser begrepet berekraft i eit større perspektiv, slik som rammeplanen. Det handler og om blant anna livsmeistring og helse, mangfald og gjensidig respekt, økonomi og sosiale forhold. Det er viktig at barna lærer at dei handllingane vi gjer i dag får konsekvensar på eit seinare tidspunkt.