Ungdomslos

Kva tilbyr vi?

Ungdomslos er knytt til PPT sitt førebyggande, pedagogiske og systemiske arbeid inn i mot ungdom, familiar og skular. Stillinga inngår som supplement til eksisterande funksjonar i PPT. Ungdomslos driv oppsøkande og førebyggande arbeid.

Kvifor Ungdomslos?

Å falle ut av opplæringa kan ha store negative konsekvensar, både for den einskilde det gjeld og for samfunnet. Gjennom losfunksjonen skal ungdommar som treng hjelp få ein person å forhalde seg til, som sørger for tett oppfølging og som bidrar til at ungdommane klarer å nyttiggjere seg tilbod som blir gitt i skulen eller av andre tenester.

Kva gjer Ungdomslos?

  • gir ungdommar tett og tilrettelagt oppfølging i form av motivasjonsarbeid og rettleiing i og utanfor skulen, og i overgangen mellom grunnskule og vidaregående opplæring
  • er tilgjengeleg for ungdommane og til stades på deira arenaer (skule, heim og fritid)
  • samarbeider tett med ungdommen sine føresette eller andre omsorgspersonar, og bistår dei  med å støtte opp om ungdommen sin skulegong
  • motiverer og hjelper ungdom til å kome i kontakt med hjelpetenester som kan gje naudsynt hjelp og oppfølging
  • samarbeider tett med skulen, andre verksemder og tenester, og bidrar til at hjelpa som vert gitt er heilskapleg og tilrettelagt

Kven kan få tilbodet?

Målgruppa er barn/ungdom i alderen 12-18 år

som kan gjennomføre eit ordinært skuleløp, men som er i ferd med å utvikle eit urovekkande skulefråvær.

Målet er å bidra til å styrke ungdommen si skuletilknytting, trivsel og meistring.

Det er også mogleg å kontakte ungdomslos for råd og rettleiing i samband med fråver for barn som er under 12 år.

Korleis få tilbodet?

Føresette, skulen og samarbeidspartar kan melde frå til Ungdomslos

Ungdomslos kan òg medverke i saker som er melde til PPT etter bestilling og drøfting i fagmøte. Fagleiar og Ungdomslos vurderer bestillingane.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Kommunen har fått tilskot frå Bufdir til å tilsette Ungdomslos i ein prosjektperiode på tre år.

Kontakt

Synnøve Molvær Vågnes
Leiar PPT
E-post
Telefon 99 53 75 27
Katrin Salen Torben
Konsulent
E-post
Telefon 95 71 02 22

Send sikker post til PPT Sula

Organisasjonsnummer: 975319202