Svar på spørsmål frå Øystein Båtnes frå sist F-møte ang hytteriving på Nøringsetvegen:
Einingsleiar Terje Havnegjerde informerte om at dei har hatt tilsyn og gått gjennom byggeprosessen og dei tillatingar som er gitt. Tilsynet fann ingen avvik.
Jim-Arve Røssevoll viste til ei sak frå sist møte der formannskapet vedtok at søknad om støtte til asfaltering av veg skulle gå via fagutval for teknisk område og vidare til formannskapet.
Jan Magnar Sandvik, leiar av fagutval for teknisk område, fortalte at dei hadde runde på dette, men eit samla utval kom til at teknisk område ikkje har midlar til å asfaltere dette området innanfor gjeldande ramme:
"Fagutval for teknisk område drøfta oppfølging av protokoll frå Sula Formannskap og legg til grunn følgande føring:
- Fagutval for teknisk område tilrår å avvise søknad om støtte til strakstiltak i form av asfaltering.
- Fagutval for teknisk område ber om å få lagt fram vurdering av søknad om kommunal overtaking av veg i eiga sak."
Ordførar vil undersøkje med interessentane om dei kunne etabere eit veglag for vegen.
Øystein Båtnes:
Langevåg Røde kors synes siste punktet i kommunestyrt sitt vedtak, der ein føreset at Røde kors gir ein garanti mot ytterlegare investeringar i den komande 5-års leigeperiode, er vanskeleg sidan uventa ting kan skje, f.eks. av force majeur-karakter.
Kommunedirektør viste til gjeldande avtale som løper til den blir oppsagt av ein av partane. Denne fangar opp ev. endringar knytt til bl.a. pris og prisjustering: kr 500.000 indeksregulert årleg. Dette er drøfta internt og vil bli formida til Langevåg Røde kors.
Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedtatt.