Vedtak
Sula kommunestyre vel ei organisering med:
- kommunestyre, §§ 5-1 a og 5-5
- formannskap, §§ 5-1 b og 5-6
- mellombelse utval, §§ 5-1 d og 5-7
- kontrollutval (fast), § 5-1 d
Den politiske behandlinga av saker knytt til plan- og bygningslova blir lagt til fast utval, ikkje personidentisk med formannskapet.
Det er ønskeleg å samle møtereglement og delegeringsreglement i eitt samla regelverk for politikken i staden for som to reglement slik det er i dag.
Å gå vekk frå faste fagutval vil bety ressursinnsparingar, jf føremål om å redusere utgifter. Men skal vi behalde ei viss innsparing, må kommunestyret vere svært bevisst når vi skal vurdere å opprette mellombelse utval.
Behandling
Jan Magnar Sandvik (SUL):
Som innstillinga, men det blir oppretta eit planutval med plan- og byggesak med 7 faste medlemmer, ikkje personidentisk med formannskapet.
Terje Holmedal (Ap):
Som innstillinga med eit planutval med ansvar for plan- og byggesaker. Tekniske saker blir lagt til eit ikkje fast utval.
Jim-Arve Røssevoll (Ap):
Som innstillinga, men med eit fast planutval, ikkje personidentisk med formannskapet.
Vibeke Bjørkavåg (H):
Som innstillinga, men kulepunkt 2: fast utval med plan- og byggesak, ikkje personidentisk med formannskapet.
Øystein Båtnes (Frp):
Formannskap og planutval som i dag.
3 faste utval: Utval for helse- og sosialsaker, Utval for oppvekst inkl kultur og folkehelse, og Utval for tekniske saker.
Ordførar konkluderte med at forslaga frå SUL, Ap og H var samsvarande slik at dei vart samla. Ved avstemming vart dette sett opp mot forslaget frå Frp.
Forslaga frå SUL, Ap og H med fast planutval, ikkje personidentisk med formannskapet, vart vedtatt med 20 stemmer (Ap, H, Krf, SUL, SV og V) mot 9 stemmer (Frp) for Frp sitt forslag.