Vedtak
1. Med heimel i vallova § 6-6 godkjenner Sula valstyre følgjande listeforslag til kommunestyrevalet 2023, for valperioden 2023 - 2027:
- Arbeidarpartiet
- Framstegpartiet
- Høgre
- Kristeleg Folkeparti
- Sulalista
- SV – Sosialistisk Venstreparti
- Venstre
2. Vallistene vert godkjend slik det går fram av vedlegg og omtale i saka. Valsekretariatet får fullmakt til å rette eventuelle skrivefeil på stemmesetelen.
3. Vedtaket kan bli påklaga med heimel i vallova § 6-8. Klage må vere sett fram innan sju dagar etter at listeoverskriftene for dei godkjende listene er kunngjort.
4. Valsekretariatet skal seinast innan 1. juni legge dei godkjente listeforslaga ut til offentleg gjennomsyn, jf vallova § 6-7.
Behandling
Innstillinga vart samrøystes vedtatt.