Vedtak
Med bakgrunn i evaluering av lågterskeltilbodet ungdomslos, vil ein anbefale å vidareføre satsinga som ein meiner er heilt i tråd med strategi med tidleg innsats og førebygging (heilskapleg innsatstrapp).
Ei vidareføring vil også sikre at vi kan bevare opparbeida kompetanse, kapasitet samt vidareutvikle arbeidet med å hindre utanforskap.
Kommunen bruker mykje ressursar på utgreiingar, rådgiving og konsultasjonar, men det er lite kapasitet til å jobbe på utøvande på arenaer der eleven er, både i og utanom skulen. Dette er etterspurt og beskrive som eit stort behov frå både barnehagane, skulane og støttefunksjonar.
Alle tenesteområde er i gong med å vurdere korleis ein kan styrke tidleg innsats, dette for å redusere kostnadskrevjande og inngripande tiltak.
Kommunedirektøren skal finne dekning innan gjeldande budsjett.
Behandling
Innstillinga vart samrøystes tilrådd.