Sula kommune

Informasjon om Koronaviruset

Få meir informasjon om koronaviruset  på nettsidene til Folkehelseinstituttet og Helsenorge, eller ring informasjonstelefon for publikum  815 55 015. Sjå også kommunal informasjonside for Sula. 
Information about corona in other languages.

No når vi sender ut faktura for kommunale avgifter minimum 4 gongar pr. år, er det ikkje lenger mogleg å dele fakturaen slik som tidlegare. Du kan få utsett betaling av faktura i 30 dagar, og du kan melde frå om at du ønsker månadleg faktura.

Det har kome tilbakemeldingar om at bussane som køyrer elevar til og frå Sula ungdomsskule er overfylte, enkelte elevar har difor stått under transporten.

Frå og med 1. juli vil kommunale avgifter bli fakturert 4 gongar pr. år. med forfall 20. mars, 20. juni, 20. september og 20. november. Frå og med oktober kan du også velje å få månadleg faktura.  Send oss melding på elektronisk skjema.

Her finn du samlefil over historiske dokument knytt til detaljeregulering av Vegsund Slip,

Sula kommune kjøper vatn frå Ålesund kommune som nytter Brusdalsvatnet som kjelde. Brusdalsvatnet vert vurdert som ei god og robust drikkevasskjelde.

Sula kommune søker etter privat avlastar 2 døgn pr. månad for gut på 8 år med språklege, sosiale og motoriske utfordringar.

Måndag 01.07.19 startar vi kantslått på kommunale vegar. Ei maskin startar frå Kvasnes og ei frå Langevåg. Dei kjem til å arbeide både på dag- og kveldstid.

Frå og med 01. juli vil kommunale avgifter bli fakturert 4 gongar i året. Faktura for perioden juli - september blir sendt ut i slutten av august, med forfall 20. september.

For å få  heilskap må alle brikkane på plass