Allsidig musikar får kulturstipend

Eit samla utval for levekår og heilskapeleg innsats har vedtatt å tildele Sula kommune sitt kulturstipend 2025 til 19 år gamle Gabriel Vårdal Nossen frå Langevåg.

Ein smilande mann som spelar på slagverk. Han sit på ei scene, djup blå bakgrunn. - Klikk for stort bileteVinnaren av Sula kommune sitt kulturstipend 2025, Gabriel Vrådal Nossen, er ein allsidig musikar.

Utvalet for levekår og heilskapeleg innsats si grunngjeving:

Kulturstipendvinnar Gabriel Vårdal Nossen kan vise til eit allsidig engasjement innanfor musikken!

Han starta opp i Langevåg skulekorps på slagverk. Han er medlem i Langevåg musikkorps der han har deltatt i mange prosjekt. Gabriel har hatt mange oppdrag som freelance musikar og arrangør. Oppdraga har vore bl.a. på trommer, piano og gitar. Han er instruktør på slagverk i Langevåg skulekorps og trommelærar for enkeltelevar for Langevåg og Solevåg skulekorps.

 Gabriel har vore aktiv ungdomsmedlem i Jazzsirkelen i Ålesund i meir enn to år. Han har vore frivillig ved konsertar og anna, og er ungdomskontakt dette året.

 Av utdanning har Gabriel gått musikklinja ved Ålesund vidaregåande skule 2023 – 2025. Han fullførte eksamen på hovudinstrumentet sitt med beste karakter!

 Gabriel er ein svært positiv og omgjengeleg person som har vist seg veldig kompetent innan mange delar av musikklivet!

 Kulturstipendet er på kr 10.000 og blir overrekt Gabriel Vårdal Nossen på kommunestyremøtet den 11. desember.

 Vi ønsker han lykke til!