Det var levekårsutvalet i Sula kommune som kåra Askjell Molvær som vinnar av kulturprisen i Sula kommune. I tildelinga seier levekårsutvalet:
Askjell Molvær har gjennom nærare 70 år vore ein sentral kulturberar, drivkraft og samlande person i kulturlivet i Sula og på Sunnmøre. Han har vore aktiv i Langevåg musikkorps sidan 1970-talet og er framleis ein viktig del av korpsmiljøet. Som utdanna kantor, pianist, organist, komponist og allsidig musikar har han vist ei uvanleg musikalsk breidd gjennom eit langt liv.
På 1980-talet vart han ein sentral del av Ytre Suløens Jass-ensemble, og sidan 1985 har han også vore aktiv i Sula Trad Band, der han har bidrege til å halde den lokale jazz- og tradmusikk-tradisjonen levande. Han har komponert eiga tradjazzmesse og gjennom ulike prosjekt bygd bru mellom kyrkjemusikk, jazz og andre musikalske uttrykk.
Askjell var med då Sulopp-revyen vart etablert i 1982, og har gjennom fleire tiår bidrege med tekstar, musikk, idear og sceniske innslag, ikkje minst gjennom den folkekjære karakteren Harald Hardhaug. Han har også vore ein viktig bidragsytar til «Syng med oss» på bedehuset, der song, musikk og fellesskap står i sentrum.
Gjennom ei rekkje frivillige oppgåver har han vist eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet, mellom anna ved å skape glede for barn som julenisse i Vasset barnehage. Då Demenskoret i Sula vart etablert i 2024, tok han på seg rolla som pianist og musikalsk leiar og har bidrege til å skape tryggleik, meistring og fellesskap for deltakarane. Han har også teke initiativ til veldedige konsertar, mellom anna til inntekt for Redd Barna.
Gjennom heile livet har Askjell brukt musikken til å samle menneske, skape tilhøyrsle og byggje fellesskap. Det omfattande engasjementet hans som musikar, komponist, pedagog, revyaktør, kulturformidlar og frivillig har sett varige spor i kulturlivet i Sula.
Askjell er ein ekte kulturberar og ein person som i høgste grad fortener å bli heidra for alt han har gitt, og framleis gir, til menneska og kulturlivet i Sula.