Eigenberedskapsveka er eit landsomfattande, årleg arrangement som har som har mål å gi auka bevisstheit og kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer førebuingar. Det vil gjere både oss sjølve og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som skulle oppstå.
Myndigheitene sitt råd er at alle bør vere førebudd på å klare seg sjølv i éi veke dersom viktige tenester blir utilgjengelege.
Kva skjer dersom mobilnettet eller internett sluttar å virke?
Eigenberedskapsveka 2026 har fokus på korleis samfunnet kan bli betre førebudd på situasjonar der mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.
Dei fleste av oss er avhengige av digitale tenester i kvardagen. Vi brukar mobiltelefonen til kommunikasjon, betaling, informasjon og navigasjon. Dersom elektronisk kommunikasjon blir borte over lengre tid, kan det få konsekvensar både for enkeltpersonar og samfunnet som heilheit.
Derfor oppfordrar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) alle innbyggarar til å tenke gjennom korleis dei kan halde seg informert og handtere kvardagen dersom digitale tenester blir utilgjengelege.
Informasjon når digitale tenester ikkje fungerer
Dersom mobilnett, internett eller annan elektronisk kommunikasjon fell bort, kan kommunen etablere informasjonspunkt for å gi innbyggarane oppdatert og kvalitetssikra informasjon.
Her kan du lese meir om Sula kommune sitt informasjonspunkt.
Enkle grep styrker eigenberedskapen
DSB og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har laga sju enkle råd som gjer det lettare å få viktig informasjon og halde kontakt med andre om det blir problem med mobilnett eller internett.
- Ver ein beredskapsven
- Finn ut korleis kommunen informerer ved bortfall av mobilnett og internett
- Skaff ein DAB-radio
- Lad opp batteribank og utstyr
- Vurder abonnement på ulike mobilnett
- Finn ut korleis du kan kommunisere over wifi
- Sjekk kva kommunar som har forsterka mobilnett
Du kan lese meir om råda på www.dsb.no/ekombortfall.