Korleis kan vi saman styrke beredskapen i regionen vår?
Dette var hovudtema då kommunane i regionen, naudetatar og andre sentrale samfunnsaktørar var samla på Friheim kulturhus til felles beredskapsråd 26. august. Denne gangen var det Sula kommune ved ordførar Turid Humlen som var vertskap. Vertskapsrolla blir rullert mellom dei fem kommunane som er medlem i rådet: Sula, Ålesund, Haram, Giske og Fjord.
I møtet fekk deltakarane mellom anna høyre om beredskapsarbeidet til matvaregrossisten H.I. Giørtz AS, som er ein samfunnskritisk aktør for matvareforsyninga i Møre og Romsdal, og både brannvesen og politiet delte sin erfaringar frå skog- og lyngbrannen på Sukkertoppen.

Eit viktig tema var det vidare samarbeidet mellom kommunane og aktørane i beredskapsrådet. Det vart gitt informasjon om arbeidet med felles planverk for evakuerte- og pårørandesenter (EPS), og om planlagde øvingar som skal styrke den samla beredskapsevna i regionen.
Gjennom gruppearbeid og felles diskusjonar vart det samla inn erfaringar, læringspunkt og forslag til vidare utvikling av beredskapssamarbeidet.
God beredskap handlar om førebuing, samhandling og læring. Felles beredskapsråd er ein viktig arena for å styrke samarbeidet mellom kommunar, naudetatar, næringsliv, frivilligheit og andre aktørar som har ansvar for tryggleiken til innbyggarane våre. Totalberedskapsåret 2026 sett lys på viktigheita av tett samarbeid, både lokalt, regionalt og sentralt, for å styrke beredskapen.
Den 12. oktober kl. 16-21 skal det gjennomførast ei stor beredskapsøving i Ålesund kor det skal øvast på å handtere ein realistisk evakueringssituasjon der mange menneske treng hjelp, informasjon og tryggleik på kort tid. Meir informasjon om øvinga ligg på kommunane sine nettsider.