Fiskarstrand skule er lagt ut for sal
Fiskarstrand skule er no til sals. Eigedomen består av eit skolebygg på om lag 2 395 m² og ei tomt på 15 369 m². Bygget inneheld mellom anna klasserom, kontor, gymsal, sløydsal, skolekjøkken, lagerrom og eit tilfluktsrom med kapasitet på 185 personar.
Skulen ligg sentralt på Fiskarstranda, med kort avstand til bustader, butikk og næringsverksemd, og med god tilkomst både til Langevåg og Ålesund.
Den ubebygde tomta nord for skulen, på 6 251 m², gir i tillegg moglegheiter for vidare utvikling.
Salget blir handtert av Notar Ålesund.
Publisert 11.03.2026 11.37
Sist endra 11.03.2026 11.39