Foreldrekurs i regi tiltakseining for barn og unge, oppstart januar 2026

I januar 2026 skal Sula kommune starte opp med tre ulike foreldrekurs som du kan melde deg på. Målet er å gi foreldre trygge, praktiske og gode verktøy i foreldrerolla – både når kvardagen inneheld nokre små utfordringar, og når familien står i meir krevjande situasjonar.
Nedanfor finn du ei oversikt over dei ulike tilboda, og kva som skil dei frå kvarandre.

PMTO – når kvardagen er prega av mas, konflikt eller utfordringar med grensesetting

Kva er PMTO?
Parent Management Training – Oregon (PMTO) er eit forskingsbasert tilbod for foreldre med barn i alderen ca. 3–12 år. Tilbodet passar for familiar der samspel og daglege situasjonar har blitt prega av mykje kjefting, protestar, krangling eller andre åtferdsvanskar. Målet er å endre fastlåste mønster og erstatte konflikt med ro, samarbeid og forutsigbarheit.

Korleis det fungerer:
Kurset går over 12  samlingar/veker, med ein varigheit på 1,5 time per gang. Det er ei konkret og praktisk gruppe der ein får øve på verktøya, som ein skal prøve ut heime mellom samlingane.  

Kva ein jobbar med:

  • god beskjed og ros
  • positiv involvering og oppmuntring
  • tydeleg og forutsigbar grensesetting
  • struktur i kvardagen
  • å løyse vanlege utfordringar som legging, måltid, søskenkrangling eller lekser
    Målet er meir glede i samspelet, mindre konflikt og trygge rammer for barnet.

Når passar PMTO?
Når kvardagslege situasjonar ofte endar i konflikt, når barnet har mykje motstand eller frustrasjon, eller når foreldra kjenner seg slitne av stadig mas og uro.

Her finn du informasjon om oppstart av PMTO foreldrekurs og lenkje til påmelding.

COS-P – for deg som vil byggje trygg tilknyting og forstå barnet betre

Kva er COS-P?
Circle of Security Parenting, ofte kalla Tryggleikssirkelen, er eit kurs for foreldre som ønskjer å forstå barnet sine behov og følelsar, og styrke den emosjonelle relasjonen. Kurset tek for seg korleis foreldre kan vere ei trygg base og eit trygt tilhald for barnet.

Korleis kurset er lagt opp:
Kurset går i gruppe over 8 samlingar. Ein ser filmklipp saman, reflekterer over foreldrerolla og lærer å kjenne igjen barnet sine signal og behov. Det krev ikkje at barnet eller familien har problem – mange tek kurset for å styrke relasjonen og førebygge utfordringar.

Kva ein lærer:

  • å forstå kva barnet treng for å føle seg trygg
  • å sjå når barnet treng nærleik, og når det treng støtte til å utforske
  • å møte barnet sine følelsar på ein god måte
  • å regulere eigne reaksjonar som forelder
    Målet er tryggare relasjonar, meir forståing og betre følelsesmessig utvikling hos barnet.

Når passar COS-P?
For foreldre med små barn og barnehagebarn, men òg større barn, som ønskjer å styrke relasjonen og utvikle eit godt fundament for barnet si følelsesmessige tryggleik.

Her finn du informasjon om oppstart av COS foreldrekurs og lenkje til påmelding.

TINT – støtte i foreldrerolla når du har ungdom i huset

Kva er TINT?
Tuning in to Teens (TINT) er eit kurs retta mot foreldre til ungdom i alderen 10–18 år. Kurset legg vekt på emosjonskompetanse – korleis foreldre kan forstå, anerkjenne og støtte ungdom i sterke og skiftande følelsar. Kurset går over 6 samlingar.

Når det er særleg aktuelt:
For foreldre som opplever at kommunikasjonen med ungdommen er vanskeleg, at følelsane svingar mykje, eller at kvardagen byr på utfordringar knytt til skule, relasjonar eller motivasjon. Kurset passer òg godt for deg som ønskjer å førebygge konflikt og styrke relasjonen før utfordringar oppstår.

Kva ein lærer:

  • å gjenkjenne tidlege signal på stress, uro eller frustrasjon
  • å møte ungdommen sine følelsar med ro og forståing
  • å hjelpe ungdommen med å regulere følelsar
  • å halde kontakten og dialogen i ein periode med meir uavhengigheit og endring
    Målet er at ungdommen skal føle seg forstått og trygg, og at foreldra skal kjenne større meistring i den krevjande, men viktige ungdomsfasen.

Her finn du informasjon om oppstart av TINT foreldrekurs og lenkje til påmelding. 

Kva for kurs bør du velje?

Situasjon / behovKurs som passar best
Barn 3–12 år med åtferdsutfordringar, mykje konflikt eller uroPMTO – konkrete verktøy, struktur og samspel
Ønskje om å styrke relasjonen og forstå barnet sine følelsar betreCOS / COS-P – relasjon og tryggleik
Ungdom i huset, behov for betre kommunikasjon og følelsesforståingTINT – emosjonsveiledning for tenåringsfasen

Kvifor delta på foreldrekurs?

  • Foreldrerolla er viktig, men krevjande – og ingen skal stå åleine.
  • Kurs gir praktiske verktøy og større tryggleik i møte med barnet sine behov.
  • Tiltaka passar både førebyggande og når utfordringar allereie er til stades.
  • Mange foreldre opplever at kvardagen blir rolegare, relasjonen sterkare og dialogen betre.

Kontakt

Maren Lovise Eide
Still.4 år spes.utd.m till
E-post
Mobil 90 47 91 29