Tiltakseininga for barn og unge (TBU) har gjennomført foreldrekursa Circle of Security Parenting (COS-P) og Tuning in to Teens (TINT) tidlegare i år. Målet med kursa har vore å styrkje relasjonen mellom foreldre og barn gjennom auka kunnskap om tilknyting, kjensler og samspel i familien.ø
Dei anonyme evalueringane viser at deltakarane opplever kursa som både nyttige og relevante. Alle som deltok oppgir at dei ville anbefale kurset vidare til andre foreldre.
Foreldre som deltok på TINT-kurset trekkjer særleg fram at dei har fått betre forståing for eigne og barnet sine kjensler, og korleis desse påverkar samspel i kvardagen. Mange opplever større ro i møte med barnet, auka tryggleik i foreldrerolla og nyttige refleksjonar som kan takast med vidare inn i familielivet. Det å møte andre foreldre og dele erfaringar blir også framheva som ein viktig gevinst.
Deltakarane på COS-P-kurset fortel om auka forståing for barnet sine behov knytt til tryggleik, tilknyting og følelsar. Evalueringane viser at fleire foreldre er blitt meir medvitne om si eiga rolle i samspelet med barnet og opplever større tryggleik i møte med både gode og vanskelege kjensler.
Nye kurs til hausten
I august og september startar kommunen opp fleire nye tilbod til foreldre og føresette:
- Parent Management Training Oregon (PMTO)
- Circle of Security Parenting (COS-P)
- Glennes foreldreprogram for familiar med barn med autismespekterforstyrring (ASF)
Informasjon om kursa og påmelding finn du her:
Parent management training Oregon,(PMTO)
https://sula.friskus.com/nn/events/3bdbb399-6af8-49d8-ac7d-27f5a4923353
Circle if security (COS-P)
https://sula.friskus.com/nn/events/78be0761-baf2-4095-a3aa-34ea38a980ba
Glennes foreldreprogram,
https://sula.friskus.com/nn/events/4cb9ce7b-64c7-47fd-9b51-cff755a1ea4b