Forslag til temaplan for naturmangfald, Sula kommune - høyring

Tysdag 2.juni gjorde Plan- og miljøutvalet vedtak om å legge forslag til temaplan for naturmangfald ut på høyring. 

Utvalet gjorde slikt vedtak i sak PM050/26:

Plan og miljøutvalet vedtek at forslag til temaplan for naturmangfald vert lagt ut på høyring, Samfunnsplan, vedtatt i K-sak nr. 036/25 den 24.04.2025, legg føringar for temaplanen som Sula kommune sitt styringsdokument. 

Ta med i planen fremmed arter som er truende for eksisterende fauna, generelt for Norge, og om mulig avdekke truede arter som allerede eksisterer på Sula. Dette for å skape større og videre kunnskap om offentlig beplantning i første omgang, og som kanskje kan resultere i bedre fauna i det offentlige rom. Samtidig kan dette vere retningslinjer som kan gi et varsku ved søknader om masseutskifting, deponering m.m. For å "unngå spredning av fremmedarter". 

I tillegg vart det omtalt mindre endringar som saksbehandlar tar med i planforslaget.

Plan og miljøutvalet i Sula kommune tilrår at administrasjonen varsler offentleg ettersyn i ni(9) veker frå vedtaksdato, jf. plan- og bygningsloven §§ 4.1, 11.12 og 11.13. 

Høyringsfrist for offentleg ettersyn vert sett til 4.august 2026

Forslag til temaplan naturmangfald sendast no på høyring / offentleg ettersyn i ni veker.

Saksframlegg finn du her. 

Forslag til temaplan for naturmangfald, Sula kommune finn du her. (PDF, 6 MB)

Hensikt:

Formålet med temaplanen er å redusere tapet av biologisk mangfald og sikre gode val for naturmangfald gjennom forvaltning. Temaplanen skal gi kunnskapen og vere ein ressursbank for naturmangfald på ein systematisk og tilgjengeleg måte, å løfte fram korleis Sula kommune vil vere med på å ivareta naturen og mangfaldet naturen byr på.

Innspel

Høyringsfristen er sett til 04.08.2026

Høyringsinnspel kan sendast til Sula kommune på ein av følgande måtar:

Merk innspel med saksnummer 24/1004

Kontakt

Cecilie Solli
Rådgivar
E-post
Mobil 90 55 60 60