Godt nytt år til alle

Når vi går inn i eit nytt år, vil eg først rette ei stor takk til alle tilsette som kvar dag gjer ein viktig innsats for innbyggjarane i Sula. Arbeidet de gjer, i alle delar av organisasjonen, er heilt avgjerande for at kommunen vår både fungerer godt i kvardagen og utviklar seg vidare. 

Omstillingsplanen vi må følgje er krevjande, men nødvendig. Førebelse prognosar for 2025 viser at vi er på rett veg. Dette er det mange som skal ha æra for; tilsette som viser endringsvilje, politikarar som viser mot, og innbyggjarar som viser forståing. Takk til dykk alle.

Eg har arbeidd i kommunal sektor i snart 30 år, og som kommunedirektør/rådmann i snart 15 år. Å stå i krevjande situasjonar er ikkje noko nytt, men eg kan med handa på hjartet seie at eg aldri før har opplevd eit så stort behov for endring og omstillingsevne som det vi står i no, og det som er sikkert er at omstillingsbehovet vi står ovanfor ikkje kan løysast med økonomiske tiltak åleine. Det handlar minst like mykje om samarbeid, tillit og evna til å finne gode løysingar saman – på tvers av fag og tenester, og i samspel mellom kommune, frivilligheit og næringsliv. Difor er visjonen vår viktigare enn nokon gong: Vilje til å lykkast saman

Å leve etter denne vil bli Sula kommune sitt største fortrinn i åra som kjem, og kvar dag opplever eg gode døme på at denne viljen finst i Sulasamfunnet. Eg opplever tilsette med stort engasjement, høg kompetanse og sterk fagleg stoltheit, politikarar med stort hjarte for Sula og ønske om å gjere ein forskjell, og ikkje minst eit næringsliv og ei frivilligheit med lange tradisjonar for å bidra der det trengs. Dette gjer meg både trygg og optimistisk for tida som kjem. Når vi står saman, vil vi lykkast med å sikre gode tenester og eit godt lokalsamfunn også i framtida.

Med dette ønskjer eg alle eit godt nytt år. Eg ser fram til å ta fatt på det vidare lagspelet saman med dykk.

Helsing 

Bente Glomset Vikhagen
kommunedirektør