For å sikre ei føreseieleg, likebehandlande og forsvarleg sakshandsaming fastset kommunen no ein administrativ praksis for behandling av slike søknader i overgangsperioden. Praksisen er mellombels og gjeld fram til Kongshaugen reinseanlegg er sett i ordinær drift, eller til kommunen gjer ei ny vurdering dersom føresetnadene for avløpssituasjonen endrar seg.
Praksisen tek til å gjelde frå 1. oktober 2026 og 1. april 2027, men blir kunngjord allereie no for å gi grunneigarar, utbyggjarar og andre søkjarar høve til å planleggje prosjekt og framdrift med kunnskap om korleis søknader vil bli behandla i overgangsperioden.
Mellombels praksis
På bakgrunn av kartlegginga vil kommunen som hovudregel leggje følgjande praksis til grunn:
Frå 1. oktober 2026 - RA1 Geilneset
For Geilneset reinseanlegg (RA1) er det kapasitet ledig, og frå 1. oktober 2026 vil nye tilknytingar vil ikkje ha krav om privat reinseløysning før påslepp.
Kommunen vil fortløpande vurdere kapasitetssituasjonen. Dersom føresetnadene endrar seg eller den tilgjengelege kapasiteten blir redusert, vil dette bli kunngjort, og praksisen kan bli justert.
Frå 1. oktober 2026 - RA2 Djupvika
Frå 1. oktober 2026 vil kommunen som hovudregel kunne godkjenne nye tilknytingar utan krav om privat reinseløysning til det kommunale avløpsnettet i område der det etter kommunen si vurdering er tilgjengeleg kapasitet innanfor gjeldande utsleppsløyve. Per i dag gjeld dette Djupvika reinseanlegg (RA2).
Den tilgjengelege kapasiteten kjem av at kommunen, etter ei konkret og skjønnsmessig vurdering, har lagt til grunn at deler av kapasiteten som tidlegare har vore reservert til planlagde utbyggingsprosjekt kan frigjevast. Bakgrunnen er at fleire av prosjekta ikkje er forventa ferdigstilt før 2028 etter dialog med involverte partar.
Kommunen vil fortløpande vurdere kapasitetssituasjonen i dei ulike reinseområda. Dersom den ledige kapasiteten blir nytta opp, eller dersom føresetnadene elles endrar seg, vil dette bli kunngjort og praksisen bli oppdatert.
Frå 1. oktober 2026 - U3 Eikrem
For U3 innfører kommunen ei mellombels overgangsordning frå 1. oktober 2026. Nye tilknytingar til det kommunale avløpsnettet kan tillatast dersom avløpet blir ført via privat slamavskiljar.
Slamavskiljaren skal ha minst 50% fjerning av SS eller oppnå konsentrasjonskrav på 60 mg/l SS.
Frå 1. april 2027 - For anlegga utan kapasitet (U4 Sunde)
I område der det ikkje er ledig kapasitet innanfor gjeldande utsleppsløyve, kan kommunen frå 1. april 2027 gi positive uttaler frå vatn og avløp til byggjesøknader og frådelingssaker. Dette vil skje med vilkår om at eigedomen ikkje kan knytast til det kommunale avløpsnettet eller takast i bruk før Kongshaugen reinseanlegg er sett i ordinær drift.
Ordninga gir søkjarar som veit at tiltaket ikkje vil vere ferdigstilt før Kongshaugen reinseanlegg er klart, høve til å få behandla byggjesak eller frådeling utan først å søkje eller få utsleppsløyve.
Dersom tidspunktet for ferdigstilling er usikkert, eller det er venta at tiltaket vil bli ferdigstilt før Kongshaugen reinseanlegg er sett i ordinær drift, skal tidligare praksis leggjast til grunn. Det må då søkjast om ei lovleg privat avløpsløysing som kan nyttast fram til kommunal tilknyting kan skje før byggjesøknader og frådelingssaker behandlast.
Avslutning
Ved spørsmål om avløpssituasjonen, ta kontakt med kommunen for råd og rettleiing.