Har du mottatt ein sms med spørsmål til deg som pårørande?
Møre og Romsdal Revisjon SA (MRR) gjennomfører for tida ein forvaltningsrevisjon av kommunen sitt arbeid med personar med demens. Som ein del av revisjonen ønskjer MRR å innhente erfaringar frå pårørande til personar med demens.
Pårørande har verdifull kunnskap om korleis tenestene fungerer i praksis, og svara vil gi eit viktig grunnlag for å vurdere kvaliteten på kommunen sitt tilbod og identifisere område som kan forbetrast. Undersøkinga omfattar mellom anna spørsmål om informasjon, medverknad, oppfølging og korleis dei kommunale tenestene blir opplevde.
Undersøkinga er anonym, og alle svar blir behandla konfidensielt. Resultata vil bli nytta som ein del av revisjonsarbeidet og presenterte på aggregert nivå slik at enkeltpersonar ikkje kan identifiserast.
Vi oppmodar alle som får tilsendt undersøkinga om å ta seg tid til å svare. Dine erfaringar er viktige og vil bidra til å gi eit best mogleg grunnlag for vidare utvikling av tenestene til personar med demens og deira pårørande.
På førehand takk for hjelpa.
Publisert 16.09.2026 15.37
Sist endra 16.09.2026 15.37