Høyringsforslag - forvaltningsmål for hjorteviltet i Sula kommune.

Måldokument for hjort og rådyr i Sula kommune er ein plan som viser forvaltningsmål for hjort og rådyr for Sula kommune.

Tysdag 1.september gjorde Plan- og miljøutvalet vedtak om å legge forslag til måldokument ut på høyring. 

Måldokument, forvaltningsmål for hjort og rådyr, vert med denne kunngjeringa sendt ut for uttalelse og innspel.

Innspel vert evaluert og kan føre til endringar i måldokumentet, forvaltningsmål for hjort, og lagt fram plan og miljøutvalet for endeleg vedtak.

Sula kommune skal etter §3 i «Forskrift om forvaltning av hjortevilt- vedta mål for utviklingen av bestandene av elg, hjort og rådyr der det er åpnet for jakt på arten(e). Målene skal blant annet ta omsyn til opplysninger om beitegrunnlag, bestandsutvikling, skader på naturmangfald, jord- og skogbruk og omfanget av viltulykker på veg og bane».

Difor er dette eit forslag til «Forvaltningsmål for hjort og rådyr - Sula kommune 2026-2028», det er Norsk hjortesenter som har stått for utarbeidinga av dette saman med utvalet for viltsaker og Nordre Sunnmøre landbrukskontor.

Kommunale mål for hjortevilt er blant anna eit viktig dokument som gir tydelege retningslinjer for jaktrettshavere når det er behov og ønske om å utarbeide bestandsplan. Sula hjorteviltvald skal seinare revidere og fornye sin bestandsplan i tråd med vedteke måldokument.

Saksframlegg finn du her 

Forslag til måldokument finn du her

Innspel

Høyringsfristen er sett til 4 veker, uttaler og innspel skal sendast Sula kommune innan 05.10.2026.

Høyringsinnspel kan sendast til Sula kommune på ein av følgande måtar:

Merk innspel med saksnummer 26/56

Kontakt

Karina Viddal Vestrheim
Rådgivar