Informasjonsmøte om planlagt akutt barneverninstitusjonLytt til tekstenStopp avspillingDet har kome ønske frå føresette, tilsette og naboar om meir informasjon om planane for nabotomta til Måseide barnehage, som er selt til Statsbygg. Bufetat ønsker å etablere ein akutt barneverninstitusjon. For å bidra til openheit, god informasjon og dialog inviterer vi til eit informasjonsmøte. Målet er å gi innsyn i planane og svare på spørsmål knytt til etableringa, slik at nærmiljøet, føresette og tilsette får eit godt grunnlag for informasjon om prosjektet.Dato: 16. november 2026Tid: Kl. 18.00Stad: Hjarterommet ved Rørstadmarka skuleFrå Bufetat møterBjørn Arntzen, einingsleiar ved Humla akuttsenter(Humla akuttsenter | Bufdir)Kris Flaskerud, prosjektleiar StatsbyggSindre Fottland, eigedomsforvaltar Bufetat region Midt-NoregFørebels agendaBakgrunn for prosjektetKva er ein akutt barneverninstitusjon?Kven er Bufetat og kva er oppdraget?Om byggeprosjektetFramdrift og tidsplanKorleis vert ein slik institusjon driven i praksis og kven er målgruppaErfaringar frå Humla akuttsenter og samarbeid med nærmiljø og naboarSpørsmål og dialogVi oppmodar dei som ønsker det om å sende inn spørsmål på førehand. Desse vil bli tekne opp i møtet så langt det er mogleg.Vel møtt! Publisert 05.11.2026 11.07 Sist endra 05.11.2026 12.17