Innskriving for elevar som skal starte i grunnskulen 2027

Skulane er i gang med planlegginga av skuleåret 2027/2028. Alle skulepliktige må skrivast inn, også barn som har fått utsett skulestart.

Innskriving skal gjerast ved å logge på Oppvekstportalen. Dersom de ønsker utsett eller framskutt skulestart må de sende søknad til rektor. Pedagogisk-psykologisk teneste vurderer barnet sin utviklingsstatus og gir råd til rektor som avgjer saka.

Innskrivingsdagar ved dei ulike skulane

  • Langevåg skule 24.- 26.november.
  • Rørstadmarka skule 24.- 26.november.
  • Solevåg skule 24.- 26.november.

Det vil kome eige informasjonsskriv til heimane frå kvar skule.

 I løpet av våren sender skulane også ut informasjon om innskulingsdagar og foreldremøte.

Forskrift om skulekrinsar i Sula kommune (PDF, 308 kB)

Skulefritidsordning

Alle barn som treng opphaldstid i skulefritidsordninga (SFO) får plass ved å søke gjennom Oppvekstportalen. Frist for søknad om SFO-plass er 15.04.

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider for innbyggartorg og sentralbord

  • Måndag og onsdag 09.00 - 13.00
  • Dørene på rådhuset er opne på kvardagar 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss