Invitasjon til marknadsdialog: Fremtidas reinseanlegg og slambehandling

Kommunane på Nordre Sunnmøre samarbeider om å finne framtidsretta løysningar for avløpsreinsing og slambehandling og inviterer til markedsdialog.

Vi inviterer leverandørar, rådgivarar, forskningsmiljø og andre interesserte aktørar til marknadsdialog tysdag 26. november kl. 10.00–15.00 i PIR-bygget, Ålesund.

Bakgrunn

Kommunane i regionen står framfor store investeringar i både oppgradering og bygging av nye reinseanlegg. Strengare krav i nytt avløpsdirektiv og gjødselvareforskrift betyr at mange anlegg må oppgraderast frå primær- til sekundærreinsing, og at mengda slam vil auk mykje i åra som kjem. Samtidig ønsker vi å finne meir kostnadseffektive, miljøvennlege og fleksible løysingar.

Ved å samarbeide på tvers av kommunegrenser håper vi å få fram idear og løysingar som gir betre ressursutnytting, lågare kostnader og eit lågare klimafotavtrykk.

Marknadsdialogen skal

•      gi leverandørar og fagmiljø innsyn i behova og utfordringane til kommunane
•      opna for innspel om mogelege løysingar og samarbeid
•      leggja til rette for innovasjon og ny teknologi i framtidige innkjøp
•      bidra til betre forståing mellom kommunar, leverandørar og forskingsmiljø

Praktisk informasjon

📅 Tid: 26. november 2025 kl. 10:00–15:00
📍 Stad: PIR-bygget, Keiser Wilhelmsgate 22, Ålesund
🖊️ Påmelding: Klikk her for å registrere deg
🔗 Les heile invitasjonen på Doffin: Doffin – Invitasjon til marknadsdialog

Arrangørar

Marknadsdialogen er eit samarbeid mellom kommunane på Nordre Sunnmøre – Ålesund, Sula, Giske, Haram, Stranda, Sykkylven og Fjord – i samarbeid med Leverandørutviklingsprogrammet (LUP), Norsk Vann og Driftsassistansen Møre og Romsdal.

Kontakt

For spørsmål om arrangementet, ta kontakt med prosjektleiar:
Margrete Emblemsvåg, e-post:  margrete.emblemsvag@alesund.kommune.no