Invitasjon til marknadsdialog – tomt for framtidig tenestehus i Langevåg sentrum

Sula kommune ønskjer innspel frå grunneigarar og eigedomsutviklarar

Sula kommune arbeider med planlegging av eit framtidig tenestehus i Langevåg sentrum. Som del av det vidare arbeidet ønskjer kommunen å kartleggje kva moglegheiter som finst i marknaden, og inviterer derfor grunneigarar, eigedomsutviklarar og andre aktuelle aktørar til å melde si interesse.

Føremålet med denne invitasjonen er å skaffe eit best mogleg grunnlag for kommunen sine vidare vurderingar av lokalisering og mogleg gjennomføringsmodell.

Kva ønskjer kommunen innspel om?

Kommunen ønskjer innspel frå aktørar som kan tilby:

  • Tomter som kan vere eigna for etablering av eit framtidig tenestehus på om lag 6.000 kvm.
  • Eigedomar med utviklingspotensial i sentrumsområdet.
  • Moglegheiter for samarbeid om utvikling av eigedom der dette kan bidra til ei god heilskapleg sentrumsutvikling.

Kommunen er open for ulike løysingar og ønskjer særleg innspel som kan bidra til eit levande og attraktivt sentrum.

Om prosjektet:

Det planlagde tenestehuset skal samle fleire kommunale funksjonar og leggje til rette for framtidsretta tenester til innbyggjarane. Prosjektet skal samtidig vere eit bidrag til vidare utvikling av Langevåg sentrum.

Det er ønskjeleg at aktuelle tomter:

  • Ligg sentralt i Langevåg
  • Har god tilgjenge for gåande, syklande, kollektivtransport og bil
  • Har tilstrekkeleg areal og utviklingspotensial
  • Kan utviklast innanfor realistiske tidsrammer

Kommunen vil også vurdere andre løysingar dersom dei samla sett oppfyller prosjektet sine mål.

Kva bør innspelet innehalde?

Kommunen ønskjer mellom anna opplysningar om:

  • Eigedom og eigarforhold
  • Kart eller skisse over området
  • Tomteareal
  • Reguleringsstatus dersom dette er kjent
  • Kort omtale av utviklingsmoglegheiter
  • Kontaktinformasjon

Vidare prosess:

Denne invitasjonen er ei marknadsundersøking og ei oppmoding om å melde interesse. Invitasjonen er ikkje ei konkurranse, eit tilbod eller ei forplikting for Sula kommune til å kjøpe eigedom eller inngå avtale.

Innspela vil bli nytta som del av kommunen sitt beslutningsgrunnlag. På bakgrunn av dei innkomne innspela vil kommunen ta stilling til den vidare prosessen. Eventuelle kjøp av eigedom, utviklingsavtalar eller anskaffingar vil bli gjennomførte i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

Kommunen står fritt til å avslutte prosessen eller velje ein annan framgangsmåte dersom det blir vurdert som mest tenleg.

Frist for innsending: 

Interesserte aktørar blir inviterte til å sende inn sitt innspel til persae@sula.kommune.no  innan 21.08.2026.

Kontaktperson: Per-Vidar Sæhaug tlf: 957 57 960 eller e-post: persae@sula.kommune.no