Invitasjon til workshop om ny næringsstrategi
Sula kommune skal lage ein ny næringsstrategi, og det er viktig at næringslivet er tett på dette arbeidet. Sula kommune og Sula næringsforening inviterer derfor til workshop på Friheim i Langevåg torsdag 18.09 klokka 09.00 - 12.00, der vi saman skal kome fram til dei gode løysingane til det beste for næringslivet og kommunen.
Det blir innlegg frå tre aktørar med god kjennskap til næringslivet. Dei vil dele sine tankar rundt Ålesundsregionen og Sula kommune si næringsutvikling fram mot 2035.
Agenda
- Inneleiing ved ordførar og kommunedirektør
- Inlegg frå
Lene Trude Solheim, regiondirektør NHO
Erik Espeset, konsernsjef Tafjord
Rune Volden, viserektor NTNU - Workshop - arbeid med ny næringsstrategi
- Informasjon frå kommunen og næringsforeninga om aktuelle saker
Det blir enkel servering.
Påmelding
Lenke til påmeldingsskjema
Publisert 11.09.2025 12.07
Sist endra 11.09.2025 13.00