Kommunelegekontoret innfører "Time på dagen" i sommar

I perioden mellom 24. juni - 12. august innfører kommunelegekontoret "time på dagen", det betyr i praksis at pasientane vil få tilbod om time den dagen dei ringer. 

Du kan gå inn på Helsenorge.no etter kl 16, og bestille legetime for neste dag, Om du ikkje finn ledige timar inne på Helsenorge, så ta kontakt med legekontoret, det kan vere dei har fleire timar enn det du kan sjå på Helsenorge.

Timar til blodprøve og injeksjonar kan bestillast på førehand ved å ringe  kommunelegekontoret.

E-konsultasjonar med fastlegen vil ikkje være tilgjengeleg via Helsenorge i ferien.

Kommunelegekontoret har vanlege opningstider og legevakt på dagtid gjennom heile sommaren, ta kontakt ved behov.

Dei vil prøve å hjelpe alle så raskt dei kan, men på grunn av redusert bemanning kan det bli kø på telefonen og ekstra ventetid inne på kontoret. Dei ber derfor om forståing for at enkelte generelle kontrollar, som kan vente til etter den 12. august, først blir satt opp hos fastlegen etter ferieavviklinga.

God sommar! ☀️

Unngå telefonkø - bruk Helsenorge.no

På Helsenorge.no kan du lese eBrev (elektronisk brev) frå legen, du kan også fornye reseptar og kontakte resepsjonen på kommunelegekontoret. Etter klokka 16:00 kan du bestille legetime til neste dag.

Du må logge inn med digital ID, til dømes BankID. Hjelp til å logge på.

Om du treng hjelp til dette kan du ringe servicetorget på 70 19 91 00

Kontakt

Sula kommunelegekontor
E-post
Telefon 70 19 91 60

Adresse:
Stadsnesvegen 9b
6030 Langevåg

Sikker post til kommunen (eDialog)

Kontortid:
Kvardagar 08:00 – 15:00

Telefontid:
Kvardagar unntatt tysdag 08:30 - 15:00
Tysdag 09:00 - 15:00