Kommuneverten - ei digital resepsjonsløysing
Rådhuset har ein digital tilsett, ein kommunevert. Den står i innbyggartorget og ønsker besøkande velkommen.
Digital kommunevert i servicetorget
Sula kommune
Kommuneverten fungerer på følgande måte
For deg som har ein avtale
- Om du har ein avtale skal du velje alternativet “Eg har ein avtale”.
- Søk opp namnet på den du har ein avtale med.
- Legg inn namnet og mobilnummeret ditt i felta som kjem opp.
- Det blir så sendt ein SMS og e-post til den du har ein avtale med.
- Vedkomande vil kome ned i innbyggartorget og hente deg.
For deg som ikkje har ein avtale
Om du ikkje har ein avtale, vil du bli sendt vidare til bookingmodulen vår slik at du kan gjere ein avtale fram tid. Ikkje alle tilsette er tilgjengeleg for booking enno, i så fall må du leite opp kontaktinformasjonen på heimesida og ta kontakt anten per e-post eller telefon.
I opningstida til innbyggartorget vil du også kunne velje Dropin. Då går det ei melding til dei som sit i innbyggartorget om at du ventar, og dei vil kome og hjelpe deg.
Publisert av Kathrin Vågnes
Publisert 10.11.2023 11.07
Sist endra 24.04.2025 13.04