Kunngjering - oppstart av arbeid med arealdel til kommuneplan 2026-2037
I medhald av pbl §11-5 og 11-12 blir det varsla oppstart av arbeid med arealdel til kommuneplan 2026-2037.
§ 11-5 – Kommuneplanens arealdel: Kommunen skal ha ein arealdel som viser framtidig arealbruk. Dette er det overordna arealdokumentet for heile kommunen, og arbeidet med å oppdatere den, må følge reglane her.
Formålet med planarbeidet er å gå gjennom gjeldande arealplan. Målet er å vurdere kva som fungerar og kva ein treng å oppdatere eller endre (planvask). Viktige tema blir å legge til rette for utvikling av bustad- , nærings- og samferdselsareal, samt sikre gode miljø- og samfunnshensyn. Planarbeidet vil bli gjennomført i tråd med vedtatt planprogram.
Plandokument
Planområdet omfattar landareal for heile Sula kommune, inkl. sjøområda.
Innspel
Sula kommune ønsker innspel fra berørte partar, offentlege myndigheiter, organisasjonar og andre interesserte. Innspel kan gjelde planens formål, viktige problemstillingar, lokale forhold eller behov som bør vurderast i planarbeidet.
Høyringsinnspel kan sendast til Sula kommune innan 15.april 2026 på ein av følgande måtar:
Merk innspel med saksnummer 24/3693
Vidare planprosess
Alle innspel som kjem inn, vil bli vurdert som ein del av planarbeidet. Det vil seinere bli utarbeida eit planforslag som blir lagt ut til offentlig ettersyn og høring, i tråd med plan- og bygningsloven.
Publisert 04.02.2026 15.30
Sist endra 04.02.2026 15.50