Miljøprisen 2025

Møre og Romsdal fylkeskommune deler årleg ut Miljøprisen for å løfte fram og heidre nokon som har gjort ein særleg innsats for miljøet i fylket vårt. Prisen skal inspirere til vidare engasjement og vise fram gode døme på miljøarbeid i praksis.

Kandidatar til Miljøprisen må ha utmerka seg innan eitt eller fleire av følgande område: 

  • Berekraftig utvikling
  • Klima- og energiarbeid 
  • Biomangfald 
  • Forureining 

Miljøprisen består av eit kunstverk og 15 000 kr. 

Frist for innsending av forslag er 15. oktober. 

Alle kan sende inn forslag til kandidatar. Forslaget skal innehalde ein kort omtale av miljøinnengasjementet og kvifor kandidaten bør få prisen. Skjema for nominering ligg på fylkeskommunen si nettside mrfylke.no. Her finn ein også meir informasjon om Miljøprisen og om tidlegare vinnarar.