Møt vår nye chatrobot Kommune-Kari

Kommune-Kari er ein chatbot som kan svare på innbyggarane sine spørsmål døgnet rundt. Tips: Bruk korte setningar med konkrete spørsmål. Vi set pris på om du gir tommelen opp eller ned på svara du får slik at vi kan gjere eventuelle justeringar.

Kommune-Kari skal hjelpe oss å gi betre og raskare informasjon til innbyggarane våre. Når publikum nyttar Kari vil vi også få ei oversikt over kva publikum spør om, kva informasjon som fungerer, og kva som ikkje gjer det. 

Dette er verdifull kunnskap som vi brukar i arbeidet med å utvikle nettsidene våre. Kvaliteten på svara til Kari vil også heile tida bli betre,  fordi  ho lærer undervegs.

Pr i dag har over 100 kommuner tatt i bruk Kommune-Kari sine tenester, ho betener ca. 2 millionar av Noreg sine innbyggjarar. Det vil seie at innbyggarane i første omgang ikkje snakkar med eit menneske når dei chattar med kommunen, men får svara sine direkte frå chatboten sin database. Kommune-Kari har i dag 6000 svar i denne basen, og årleg svarar ho på over 1,2 millionar spørsmål. Det gjer Kommune-Kari til ei av verdas største chatbotar.

Fleire av kommunane som har tilsett Kari, har opplevd ein reduksjon på 30 prosent på førespurnadar per telefon. Kommune-Kari jobbar heile døgnet, noko som har resultert i at mellom 40-50 % av alle førespurnadar blir sendt inn etter at innbyggartorget har stengt, opplyser leverandøren Sem & Stenersen Prokom.

Kommune-Kari gjer kommunane i stand til å svare på fleire spørsmål enn tidlegare. Den korte tida ho brukar på å svare, gjer at kommunen kan yte betre service til innbyggarane, fokusere på dei meir omfattande oppgåvene, og samtidig spare kostnadar. 

 

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider for innbyggartorg og sentralbord

Måndag og onsdag 09.00 - 13.00

Dørene på rådhuset er opne på kvardagar 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss