Økonomiske utfordringar krev handling
I Sula, som i kommunar over heile landet, aukar forventningane til kva kommunen skal levere raskare enn inntektene våre. Budsjettprosessen viser at vi må halde fram med omstilling dersom vi skal unngå å tømme disposisjonsfondet dei neste to åra. Ved utgangen av 2024 hadde vi 82 millionar kroner på fond. Dersom vi ikkje tek nødvendige grep no, kan summen vere nede på 21 millionar i 2026.
Vi står i ei økonomisk utfordring som ikkje er unik for Sula. Kommunane sitt sentralforbund, KS, melder om det svakaste økonomiske resultatet i kommunesektoren på 40 år. Kostnadene aukar kraftig, statlege inntekter held ikkje tritt, skatteinntektene er svekka, og behovet aukar i barnehage, skule, helse og sosiale tenester.
Kommunedirektøren foreslår fire hovudgrep
I budsjett og økonomiplanen foreslår kommunedirektøren fire hovudgrep som må gjennomførast samtidig dersom vi skal snu utviklinga:
1. Innsparingstiltak i drifta
I budsjettet for 2026 foreslår kommunedirektøren innsparingstiltak på om lag 21,2 millionar kroner, og ytterlegare 7 millionar i 2027. Totalt har vi då redusert driftskostnadane med rundt 50 millionar over tre år.
2. Omstilling av tenestene
Omstillingsarbeidet er allereie i gang. Målet er å redusere kostnadane utan å svekke tenestene. Det handlar om å bruke ressursane klokare, samarbeide meir på tvers, ta i bruk teknologi og jobbe meir førebyggande slik at behovet for tyngre tenester blir redusert. Vi har fantastiske tilsette som er motoren i dette arbeidet.
3. Smarte investeringar
Mange spør kanskje korleis vi kan investere når økonomien er så svak. Svaret er at vi må investere for å kunne drifte meir effektivt i framtida. Dagens bygg og kapasitet er ikkje gode nok til å møte dei behova som vi veit kjem. Utan smarte investeringar vil kostnadene halde fram med å vekse raskare enn inntektene våre.
Nye bygg, samlokalisering og moderne løysingar innan helse og bustad er ikkje «kjekt å ha», men nødvendige grep for å sikre betre ressursbruk og redusert driftsnivå framover. Investeringar som teneste/ helsehus, bufellesskap for menneske med funksjonsvariasjonar, barne og avlastningsbustadar, er direkte knytte til framtidig kapasitetsbehov og effektivisering. Dei legg grunnlaget for at vi skal kunne møte eit auka behov for tenester, utan at utgiftene eksploderer.
4. Auka inntekter
Sula er ei av dei mest inntektssvake kommunane i landet. Vi manglar inntektskjelder som mange andre kommunar har, og derfor må eigedomsskatten opp dersom vi skal unngå større kutt i tenestene og manglande kontroll på økonomien. Å auke eigedomsskatten til 2 promille løyser ikkje alt, men det er nødvendig for å halde oppe lovpålagde tenester.
Tida for å vente er over
Dette er ikkje ei krise vi kan spare oss ut av og heller ikkje ei krise vi kan investere oss ut av åleine. Vi må gjere alt samtidig. Innsparing, omstilling, inntektsauke og kloke investeringar er dei fire beina som økonomien vår må stå på framover. Dersom vi gjennomfører desse grepa no, kan vi snu utviklinga og sikre at Sula framleis har handlingsrom og lokalt sjølvstyre. Alternativet er å vente, og miste kontrollen.
Kommunedirektøren sitt forslag til budsjett 2026 og handlings- og økonomiplan 2026 - 2029
Forslaget blir lagt fram for formannskapet i møte tysdag 25. november før det blir lagt ut på høyring.