No er det tid for vassmålaravlesing

No sender vi ut vassmålaravlesing på SMS. Om du har vassmålar vil du motta ein  SMS frå 27300000270xxx (Dei siste tre sifra er ulike). Om du ønskar å motta avlesingkort i staden for SMS, må du ta kontakt med innbyggartorget i Sula kommune på post@sula.kommune.no eller telefon 70 19 91 00  mandag og onsdag kl. 0900-1300.

Slik svarar du på SMS

Legg inn berre tal, ikkje tekst, sjå bilde under for forklaring. Du vil få ei kvittering med målt forbruk sidan forrige avlesing. Om du mottek ein SMS, du melde inn målarstanden ved å svare på SMS, du kan ikkje nytte www.leseav.no 

 

Slik registrer du avlesingskortet

Om du ikkje har mobilnummer vil du få tilsendt avlesingskort. Avlesingskorta blir sendt ut i veke 50.  Vassmålarstaden kan du registrere via internett på www.leseav.no. Lenken til www.leseav.no er aktiv i perioden medio desember til medio januar kvart år. 

Be om å faktura for kommunale avgifter ein gong i månaden.

Vassmålaroppgjer

Vassmålaroppgjeret kjem på faktura for februar for dei som har månadleg faktura, og på første faktura kvart år for dei som betalar kvartalsvis. For dei øvrige terminane blir det stipulert eit â konto beløp berekna ut i frå forbruket året før. Dei som har månadleg faktura blir ikkje belasta for â konto beløp i januar månad, dette beløpet blir fakturert i februar.

Kontakt

Innbyggartorg på rådhuset
Sula kommune
E-post
Telefon 70 19 91 00

Sikker post til kommunen (eDialog)

Ordinære opningstider for innbyggartorg og sentralbord

  • Måndag og onsdag 09.00 - 13.00
  • Dørene på rådhuset er opne på kvardagar 08:00-15:30 for dei som har ein avtale.

Adresse

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Her finn du oss