No kan du sjølv registrere opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din

Alle eigarar og festarar av bustadar eller fritidsbustadar kan no sjølv registrere opplysningar i matrikkelen hos Kartverket.

Matrikkelen er det nasjonale registeret over norske eigedomar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold.

Kvifor er dette viktig?

Opplysningar fra Eiendomsregisteret blir dagleg brukt av privatpersonar, næringsliv og offentlege myndigheiter. Mange tenester – frå beredskap til arealplanlegging – er avhengige av at informasjonen i registeret er korrekt og oppdatert.

Det er kommunane som registrerar opplysningane som ein del av sitt daglege arbeid. Fordi prosessar og rutinar har variert over tid, kan enkelte data mangle eller være utdatert. Her kan du som eigar gjere ein forskjell: Ved å kontrollere og oppdatere informasjon om din bustad eller fritidsbustad, bidrar du til å sikre at opplysningene er riktige.

Når registeret er oppdatert, får nødetatar, planleggarar og andre aktørar eit bedre grunnlag for sine beslutningar – noko som kjem både deg og lokalsamfunnet til gode. I Eiendomsregisteret kan du enkelt sjå kva for opplysningar som er registrert om dine eigedomar, adresser, bygningar og bruksenheter.

Sjekk opplysningene dine i Eiendomsregisteret

Du kan logge inn på kartverket.no og Eiendomsregisteret for å registrere informasjon som:

  • byggeår
  • vatn 
  • avlaup
  • bruksareal
  • energikilde 
  • oppvarmingstype

Ved å sjekke at opplysningene er riktige, kan du gjere både deg sjølv og samfunnet ei teneste og bidra til at opplysningene i Eiendomsregisteret er i tråd med verklegheita og gitte byggetillatelser. Du treng ikkje å laste opp dokumentasjon på opplysningane du legg inn. 

Viktig å vite

  • Opplysningane du registrerar erstattar ikkje det kommunen allereie har.
  • Kommunens data blir ikkje automatisk endra, men dine registreringar kan brukast som grunnlag for oppdatering.
  • Endringar i bruksareal påvirker ikke nødvendigvis kommunale avgifter.

Kven kontaktar du ved spørsmål?

Har du spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du ta kontakt med Kartverket.

Dersom du oppdager feil eller manglar i offentlege registrerte opplysningar om eigedomen din som du ønsker å få rette opp, tar du kontakt med kommunen på post@sula.kommune.no