Ny næringsstrategi i Sula kommune – næringslivet med på laget

Sula kommune jobbar med ein ny næringsstrategi for å styrke samarbeidet med næringslivet og legge til rette for vekst og utvikling. Som ein viktig del av prosessen inviterte kommunen og Sula næringsforening til workshop 18. september 2025, der næringslivet bidrog med verdifulle innspel til den vidare strategien. 

Kvifor ny næringsstrategi? 

I kommunen sin samfunnsplan har vi sett som mål at: 

  • Kommunen skal samarabeid med næringslivet og frivilligheita for å legge til rette for omgjevnader og aktivitetar som fremmar folkehelse, kvardagsmeistring og samfunnsdeltaking 
  • Sula skal vere ein næringsvennleg kommune som lukkast med det grøne skiftet, utnyttar lokale fortrinn og teknologiske moglegheiter 
  • Våre innbyggarar skal vere i arbeid eller aktivitet, og oppleve å meistre eigen kvardag og eigen økonomi 

For å nå desse måla, treng vi ein næringsstrategi som tar utgangspunkt i utviklingstrekk og utfordringar – og som peikar på kva både næringslivet og kommunen må bidra med for at vi skal lykkast. Derfor er det viktig å involvere næringslivet tidleg. Workshopen 18. september vart eit første steg i dette arbeidet. 

Slik vart workshopen gjennomført 

Ordførar Turid Humlen opna dagen med å understreke viktigheita av samarbeid – både internt i kommunen og regionalt. Ho løfta fram samfunnsplanen som ramme for arbeidet, og brukte Veibust-krysset som eksempel på eit vellukka samarbeid.  

Deretter delte tre innleiiarar sine perspektiv: 

  •  Regiondirektør i NHO, Lene Trude Solheim snakka om globale, nasjonale og trendar. 
  • Konsernsjef i Tafjord, Erik Espeset ga status for kraftsituasjonen i regionen og reflekterte over kva som blir viktig for Sula kommune å tenke på når det gjeld framtida.  
  • Rune Volden, fungerande viserektor ved NTNU, peika på moglegheiter i samarbeid mellom akademia, næringslivet og kommunen.  

Før workshopen heldt kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen eit innlegg om målsettingane med den nye næringsstrategien. Ho snakka om kva for utfordringar og moglegheiter strategien må ta høgde for - som endringar i demografien og rekrutteringsbehov.  

Gruppearbeid for å kome fram gode løysingar

Under sjølve workshopen vart det gruppevis arbeida med to spørsmål: 

Spørsmål 1 – Dagens situasjon 

  • Kva for styrker og fortrinn har næringslivet og kommunen? 
  • Utifrå ditt perspektiv, korleis samarbeider næringslivet og kommunen? 
  • Korleis utnyttar næringslivet nettverka i regionen?  

Spørsmål 2 – Framtida 

  • Kva treng næringslivet frå kommunen for å lykkast? 
  • Kva kan næringslivet sjølv bidra med for å styrke samarbeidet? 

Gruppene besto av representantar frå næringslivet, lag og organisasjonar og tilsette i kommunen. Alle innspel vart notert og vil bli tatt med i det vidare arbeidet. Innspela kan du lese her.  

Dette skjer vidare i arbeidet med ny næringsstrategi 

  • Gjennomgang og vurdering av innspela frå workshopen 
  • Intern workshop med deler av kommuneorganisasjonen  
  • Utkast til strategi vert presentert for formannskapet i oktober 
  • Arbeidsmøte med Sula næringsforening 
  • Politisk behandling av ny næringsstrategi (formannskapet 25. november og kommunestyret 11. desember) 

Bilder frå workshopen

Kontakt

Sunniva Marøy Eriksen
Samfunnsplanleggar
E-post
Telefon 95 25 68 48