Ønsker utleigebustadar med tilvisingsavtale - tinglysing
Sula kommune ønsker å samarbeide med ein eller fleire profesjonelle utbyggarar/eigedomsaktørar om etablering av utleigebustader gjennom tilvisingsavtalar.
Vi har særskilt behov for bustader som er tilpassa seniorar, men også andre bustadprosjekt er aktuelle.
Kva er ein tilvisingsavtale?
Ein tilvisingsavtale er ein mellom kommunen og ein profesjonell utleigar om kommunalt disponerte bustader. Avtalen gir kommunen tilvisingsrett til inntil 40% av alle utleigebustadane i 20 år. I mindre prosjekt (4 bustader eller færre) gjeld tilvisingsretten for alle bustadane.
- Dersom kommunen ikkje har behov for bustadane i ein periode, kan bustadane leigast ut i den opne marknaden, etter fristar som er gitt i avtalen.
- Det er huseigar som inngår leigekontrakt med den enkelte bustadsøkar.
For meir informasjon sjå Husbanken om utleigebustadar med tilvisingsrett - Ved nybygg, ombygging eller kjøp av utleigebustadar med tilvisingsavtale, kan ein søke lån frå Husbanken til heile prosjektet. Husbanken sine kvalitetskrav samsvarar med byggteknisk forskrift. Sjå meir informasjon på Husbanken om lån til utleigebustadar
Kva kommunen vektlegg i vurderinga
Ved vurdering av aktuelle prosjekt, vil kommunen sjå særleg på følgande kriterium:
- Plassering: Fortrinnsvis nær Langevåg sentrum
- Nær kollektivtilbod og sentrale tenester
- Aldersvennleg utforming.
- 2- og 3- roms bustader, men mindre leilegheiter kan og vere aktuelt.
- Bustad- og bumiljøkvalitet. For bustader med livsløpsstandard vil særleg storleik på
bad og funksjonalitet på bad bli vektlagt, samt heis mellom etasjar. - Nivå på husleige
- Tidspunkt for ferdigstilling
- Plan for uteområde og fellesareal
Ein søknad må innehalde
- Presentasjon av utleigeselskap og firmaattest
- Plan- og fasadeteikningar
- Situasjonsplan
All informasjon som blir sendt inn vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.
Søknadsprosess og kontaktinformasjon
Utlysing av tilvisingsavtalar er ikkje underlagt regeleverket om offentlege anskaffingar. Søknadar med prosjektforslag blir vurdert fortløpande.
Innlevering av prosjektforslag og spørsmål kan rettast til:
Publisert 24.11.2025 15.46
Sist endra 25.11.2025 15.51