Oppdatering - betaling tryggleiksalarmar

Etter at statsforvaltarane over heile landet har varsla kommunane om at ein ikkje kan kreve eigenbetaling for tryggleiksalarmar gitt som helsehjelp, går det no føre seg eit større arbeid mellom KS og Helsedirektoratet for å avklare om det er grunnlag for tilbakebetaling. Sula kommune avventar denne avklaringa før ein eventuelt går inn på ei slik tilbakebetaling.

Ny oppdatering vil kome