Visjonen vår er “Vilje til å lykkast saman”. Det betyr at vi skal ta utgangspunkt i fortrinna våre for å skape vekst og utvikling, bygge eit attraktivt lokalsamfunn for barnefamiliar og sikre livskvalitet og meistring for alle. Visjonen inneber òg at kommunen skal legge til rette for eit variert og berekraftig næringsliv og fleire lokale arbeidsplassar. Eit godt tilbod av arbeidsplassar er viktig for buseting, trivsel og for å redusere transportbehov og klimabelastning.
Gjeldande arealdel er frå 2015, og mykje har endra seg sidan då. Kommunen har i dag meir kunnskap om verdiar knytt til mellom anna natur, kulturminne, friluftsliv, klima og samfunnstryggleik. Desse omsyna, saman med behovet for bustadar, arbeidsplassar og næringsverksemd, er viktige når vi planlegg framtidig arealbruk.
Kva er kommuneplanen sin arealdel?
Kommuneplan sin arealdel (KPA) er ein stategisk og juridisk bindande plan som:
- gir overordna føringar for arealbruken i kommunen
- veg ulike interesser om omsyn opp mot kvarandre
- har stor betydning for utvikling av lokalsamfunnet i Sula
- legg til rette for næringsverksemd og arbeidsplassar i eigna område, i samspel med bustadar, transportløysingar og omsyn til miljø og samfunnstryggleik.
Gjennom vedtak av arealdelen gjer kommunestyret langsiktige avklaringar for både utvikling og vern. Planen består av plankart og føresegner med retningsliner, samt ein planomtale. Nye byggeområde og vesentlege endringar i føresegner skal konsekvensutgreiast.
Medverknad og politisk forankring
I oppstarten av planarbeidet blir det lagt vekt på brei medverknad. Målet er at dei folkevalde, innbyggarane og næringslivet skal:
- få oversikt over kunnskapen som finnast om areala i kommunen
- diskutere kva som er viktig for framtidig arealbruk, inkludert behov for arbeidsplassar og næringsutvikling
- gi innspel som kan bidra til gode og gjennomtenkte val
Eit viktig tema i planarbeidet er korleis arealbruken kan støtte opp under verdiskaping, lokale arbeidsplassar og eksisterande og framtidig næringsverksemd, samstundes som omsyn til miljø, klima og lokalsamfunn blir ivaretekne.
Brei medveknad frå start gir kommunestyret eit godt eigarskap til planprosessen og set retning for kva arealstrategiar kommuneplanen skal bygge på dei neste 10-12 åra. God og heilskapleg aralplanlegging er viktig for trivsel, tryggleik, auka busetnad og eit livskraftig lokalt næringsliv.
Planvask - rydding og kunnskapsbasert planlegging
I samband med oppstarten av arbeidet med kommuneplanen sin arealdel vil kommunen gjennomføre ein planvask.
Planvask er ein systematisk gjennomgang av gjeldande arealplanar for å:
- rydde vekk urealistiske eller utdaterte utbyggingsområde
- vurdere om arealreservar bør førast vidare
- sikre betre samsvar med nasjonale og regionale føringar
I planvasken vil kommunen òg vurdere eksisterande næringsareal og regulerte næringsområde, mellom anna med tanke på behov, gjennomførbarheit, lokalisering, tilgang til infrastuktur og moglegheiter for framtidig utvikling av arbeidsplassar.
Kort sagt handlar planvask om å avklare kva areal som bør førast vidare i planen - og kva som bør takast ut.
Planvask tidleg i prosessen gir eit betre grunnlag for å vurdere behovet for nye utbyggingsareal, reduserer konfliktar knytte til jordvern, natur, klima og samfunnstryggleik, og styrkar kommunen sitt handlingsrom i den vidare planprosessen. Statsforvaltaren forventar at planvask vert gjennomført tidleg i prosessen med KPA.
Førebels framdriftsplan
Framdriftsplan nedanfor viser ein førebels tidsplan for arbeidet med KPA sin arealdel. Planarbeid av denne typen er komplekst, og både omfang og framdrift kan bli justert undervegs. Endringar kan kome som følge av innspel, politiske avklaringar, krav om utgreiingar, kapasitet og dialog med regionale og statlege styresmakter. Kommunen vil legge vekt på god kvalitet i planarbeidet, inkludert gode vurderingar av areal for næringsverksemd og arbeidsplassar.
- Februar 2026: Varsel om oppstart av kommuneplan sin arealdel (KPA)
- Våren 2026: Gjennomgang av merknader, folkemøte og politisk verkstad i kommunestyret
- September 2026: Vurdering av arealendringar, analysar og tilpassa medverknad
- Desember 2026: Utarbeiding av planforslag og konsekvensutgreiing. Regionalt planforum. Presentasjon for kommunestyret.
- Februar 2027: Planforslaget blir lagt ut på høyring, med open debatt
- Desember 2027: Endeleg vedtak
Kontaktperson i kommunen er Terje Havnegjerde