Pårørandeskulen er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller en nær ven med ein demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon.
Gjennom faglege forelesningar, plenum- og gruppesamtalar får du kunnskap om demens. Du vil treffe andre pårørande i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området.
5 samlingar med følgande tema:
- Velferdsteknologi
- Sula Kommune sine tilbod
- Sjukdommen demens
- Kommunikasjon
- Samtykkekompetanse
- Juridiske forhold ved ein demenssjukdom: fremtidsfullmakt, legalfullmakt, verge og vergemål
- Ein pårørande si historie
- Tap og sorg.
Praktiske opplysningar
- Stad: Erindringssenteret ( 2.etasje Molværsvegen 17)
- Oppstart 24.august 2026 klokka 18:00
- Påmeldingsfrist: 19.august 2026
- Pris: Kurset er gratis
Påmelding
Påmelding på telefon til demensteamet: 94 80 87 06 eller e-post: demensteam@sula.kommune.no
Påmeldingsfrist 19.august 2026
Publisert 24.06.2026 14.30
Sist endra 24.06.2026 15.42