Redusert moms på vatn og avlaup

Frå 1. juli 2025 vart moms på vatn og avløpstenester endra frå 25 % til 15 %. Det gjer at summen på fakturaen for kommunale avgifter blir litt lågare. 

Dei som har månadleg faktura fekk redusert beløp frå og med juli. Dei som betalar kvartalsvis får lågare sum på fakturaen for 3. kvartal (juli, august, september) som blir sendt ut i løpet av veke 35. 

Om du ønsker månadleg faktura for kommunale avgifter kan du sende oss ei melding.

Det var Stortinget som vedtok at meirverdiavgifta (mva) på vatn og avløp skal reduserast frå 25 prosent til 15 prosent.  Endringa gjeld for alle kommunar.

Meir informasjon finn du her