Søker etter kandidatar til forskningsprosjekt
Therese Strømsheim Eriksen er tilsett som fysioterapeut i Sula kommune. Til hausten skal ho i gang med eit forskingsprosjekt som handlar om kva rolle fysioterapeuten har i styrke-, balanse- og kondisjonstrening hos heimebuande eldre 65 +. Ho søker etter kandidatar som ønsker å delta i dette forskingsprosjektet.
Formålet med prosjektet
Om du 65+ og bur heime, har du moglegheit til å bli med på eit spennande forskningsprosjekt.
Istock
Prosjektet skal måle kva effekt førebyggande treningsgrupper har på fysisk funksjon, opplevd livskvalitet og fall hos heimebuande eldre over 65 år. Prosjektet vil kartlegge kva rolle fysioterapeuten har i slike førebyggande tiltak, særleg knytt til motivasjon og kunnskap om trening og fysisk aktivitet. Prosjektet er ei masteroppgåve.
Kven kan å vere med i prosjektet?
- Heimebuande over 65 år
- Har lite eller ingen kommunale tenester
- Går utan ganghjelpemiddel innandørs
- Har begynnande balanse- eller gangvanskar
- Er redd for å falle
- Opplev at muskelstyrken i beina har blitt dårlegare dei siste åra
Kva inneber deltaking i forskningsprosjektet for deg?
Du vil enten delta i ei treningsgruppe leia av fysioterapeut som trenar to gonger i veka, éin time kvar gong, eller delta i ei kontrollgruppe som lever som før. Treningsintervensjonen varer i fem månader. Eit dataprogram avgjer kva gruppe du hamnar i.
Du må svare på spørjeskjema om generell helse, i tillegg til å fylle ut standardiserte skjema om livskvalitet og fallhistorikk – både før og etter prosjektperioden. Alle deltakarar blir testa og retesta med fysiske testar på styrke, balanse og kondisjon. Nokre deltakarar kan bli spurde om å stille til intervju om betydninga av gruppetrening og kva rolle instruktøren har.
Informasjon og påmelding
For meir informasjon og påmelding kan du ta kontakt med Therese Strømsheim Eriksen på telefon 90 41 19 36 eller e-post: therese.s.eriksen@sula.kommune.no
Kommunefysioterapeut Therese Strømsheim Eriksen søker etter personar som vil vere med på eit forskningsprosjekt om kva rolle fysioterapeuten har for den fysiske formen til heimebuande eldre over 65 år.
Sula kommune
Publisert 18.08.2025 14.00
Sist endra 18.08.2025 14.04