Stikk UT! får mange ut på tur – i all slags vêr

Tusenvis av menneske har også gjennom sommaren 2026 funne vegen ut på tur gjennom Stikk UT!. Med eit stort utval turmål, engasjerte frivillige og godt samarbeid mellom kommunane, har Stikk UT! blitt ein viktig del av kvardagen for mange – og eit av dei største folkehelsetiltaka i regionen, det skriv Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal i ei pressemelding.

Vidare skriv dei:

Stikk UT! handlar om meir enn å samle turar og registrere kodar. Det handlar om å skape gode vanar, oppleve naturen, finne nye turmål og få fleire til å vere fysisk aktive. For mange er Stikk UT! den vesle ekstra motivasjonen som skal til for å kome seg ut døra, medan andre brukar turtrimmen til å utforske nye delar av eigen kommune og region.

Statistikken viser at Stikk UT! får folk ut på tur jamnt gjennom heile veka, med ein liten topp søndagar.

– Det er veldig gledeleg å sjå korleis Stikk UT! engasjerer folk i alle aldrar. Nokre går korte nærturar, andre legg ut på lengre fjellturar. Det viktigaste er at folk kjem seg ut og finn turgleda på sitt eige nivå. Stikk UT! gir både meistring, gode opplevingar og ein positiv effekt på fysisk og psykisk helse, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.

650 turmål å velje mellom

Sommarsesongen 2026 baud på eit stort mangfald av turmoglegheiter, med om lag 650 turmål i Møre og Romsdal og Heim kommune i Trøndelag. 

Om lag 44.000 personar i regionen har registrert nærare 875 000 turmål frå 1. mai til 31. oktober.

– Det er ein imponerande turinnsats når ein tek i betraktning alt regnvêret som har vore i området vårt denne sommaren. Det fortel oss at Stikk UT! motiverer til tur uansett vêr, seier Ellingsæter. 

Stort samarbeid

Kommunane vel sjølve ut turmåla i samarbeid med friluftsråda, grunneigarar og frivillige. På den måten blir lokale perler synleggjort, samstundes som innbyggjarane får inspirasjon til å oppdage nye turmål.

– Vi ønsker å rette ein stor takk til alle som bidreg. Kommunane og dei frivillige gjer ein viktig jobb med å finne turmål, merke stiar og leggje til rette for gode turopplevingar. Utan dette lokale engasjementet hadde ikkje Stikk UT! vore det tilbodet det er i dag, seier Ellingsæter.

Nærturane har blitt stadig meir populære. Dei gjer det enkelt å vere aktiv i kvardagen, utan at ein treng å planleggje lange turar eller bruke mykje tid på transport.

Stikk UT! har også ein viktig verdi for lokalsamfunna. Turmåla får fleire besøkande, folk blir kjende med nærmiljøet sitt, og turane kan bli ein sosial møteplass på tvers av alder og bakgrunn.

Stikk UT! veks i heile landet

Det som starta som ein lokal turtrim i Molde i 2005, har no utvikla seg til ein nasjonal satsing, og i 2026 er 19 friluftsråd og 156 kommunar med på Stikk UT! Norge.

Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal organiserer Stikk UT! i Møre og Romsdal, i tett samarbeid med kommunane, dei mange lokale samarbeidspartnarane og hovudsponsor Sparebanken Møre.