Sula er tildelt tilskot til førebyggande arbeid for barn og unge

Sula kommune har fått tildelt 903 546 kroner frå Bufdir gjennom tilskotsordninga Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge 2026.

Målet med ordninga er å styrke arbeidet med å sikre gode oppvekstvilkår, førebygge utanforskap og bidra til at barn og unge får rett hjelp til rett tid. Midlane skal nyttast til tiltak som både kjem alle barn og unge til gode, og som gir ekstra støtte til dei som har behov for tettare oppfølging.

Les meir om kva midlane skal brukast til under:

Miljørettleiar ved Langevåg skule 
Stillinga skal styrke arbeidet med å førebygge og følge opp ufrivillig skulefråvær, og bidra til auka trivsel, meistring og nærvær i skulen.

Styrking av Familie- og ungdomsstøtteteam 
Teamet er eit tverrfagleg lågterskeltilbod for gravide, barn, ungdom og familiar. Tilskotet gir auka kapasitet til utvikling og vidare drift av tilbodet, og vil styrke arbeidet med tidleg innsats og samordna hjelp til familiar som treng støtte.

Styrking av helsestasjon og skulehelsetenesta
Midlane skal også bidra til å styrke helsestasjonstenesta og skulehelsetenesta. Dette skal sikre god tilgang til råd, rettleiing og oppfølging, og bidra til at utfordringar blir fanga opp på eit tidleg tidspunkt.

Del av eit større arbeid
Tiltaka er forankra i kommunen sin langsiktige satsing på gode oppvekstvilkår og tidleg innsats for barn og unge i Sula kommune. Gjennom styrking av skule, helsestasjon og familiestøttande tenester, ønskjer kommunen å bidra til at fleire barn og unge opplever meistring, tilhøyre og inkludering i kvardagen.