Sula kommune inviterer til pårørandekonferanse

Er du eller har du vore pårørande til nokon som har eit kommunalt hjelpebehov?

Då vil Sula kommune gjerne invitere deg til digital pårørandekonferanse på Friheim. Konferansen er ein del av kommunen sitt arbeid med å utarbeide ein pårørandestrategi. Alle interesserte er hjarteleg velkommen!

Konferansen er onsdag 23. september frå 09.30 til 15.00. Det er ingen påmelding, enkel servering og gratis. Arrangementet vert på Friheim kulturhus, Sloghaugvegen 51, 6030 Langevåg.

Du kan lese meir om konferansen her: Pårørendekonferansen 2026 - Pårørendesenteret

Dette er ein årleg konferanse som vert arrangert av Pårørendesenteret. Konferansane pleier å vere svært interessante og får gode tilbakemeldingar. Passar både for fagfolk og lekfolk. Du kan lese meir om programmet i lenka over. 

Vi startar konferansen halv ti med litt informasjon om kommunen sitt arbeid og velkomen ved ordførar Turid Humlen.

Velkomen skal du vere!