Til minne om Hans Majestet Kong Harald
Det er med stor sorg vi har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald er død. Våre tankar går til kongefamilien og dei næraste i denne tunge stunda.
Kongens død berører oss alle sterkt. For mange vil dette vere ein dag prega av sorg, ettertanke og sterke kjensler. I slike stunder er det viktig at vi tek vare på kvarandre og står saman som fellesskap.
Sjå dei rundt deg. Ta ein telefon, send ei melding eller inviter nokon inn. Kanskje er det nettopp du som kan gjere ein forskjell for ein som kjenner seg åleine. Vi kan vere kvarandre sin tryggleik og støtte ved å stoppe opp, sjå kvarandre og spørje korleis det går.
Minneprotokoll
Innbyggjarar som ønskjer å skrive ei siste helsing, kan signere kommunen si minneprotokoll. Minneprotokollen er tilgjengeleg på rådhuset og biblioteket i deira ordinære opningstider.
Rådhuset: Minneprotokoll tilgjengeleg i rådhuset mellom kl 08.00 og 15.30
Biblioteket: Minneprotokoll tilgjengeleg i biblioteket si opningstid.
Publisert 28.08.2026 14.01
Sist endra 28.08.2026 14.03