Tilsett som koordinator skulemiljøteam
Monica Lervåg er tilsett i prosjektstilling koordinator skulemiljøteam som eit treårig prosjekt i Sulaskulen. Stillinga er finansiert med prosjektmidlar frå Utdanningsdirektoratet (Udir).
Monica Olin Lervåg
Sula kommune
Monica kjem frå ei stilling som kontaktlærar ved Rørstadmarka skule, der ho har vore tilsett i 16 år, Ho startar i prosjektstillinga i løpet av hausten.
Vi er glade for å få Monica med på laget, og ser fram til å rette meir merksemd mot førebyggande arbeid med skulemiljø, for å sikre at elevane skal ha det trygt og godt på skulen i Sula kommune, seier kommunalsjef oppvekst og kultur Ragnhild Hanken Skjong.
Stillinga er lokalisert ved Langevåg skule, men skal arbeide for å etablere og vidareutvikle skulemiljøteam ved alle skulane i Sula kommune.
Publisert 18.09.2025 10.13
Sist endra 18.09.2025 11.46