Tilskot til skulemiljøteam
Sula kommune har fått tildelt eit treårig tilskot frå Utdanningsdirektoratet for å etablere skulemiljøteam ved skulane våre. Midlane skal brukast til å tilsette ein koordinator og bygge opp team som skal arbeide målretta for å sikre eit trygt og godt skulemiljø for alle elevar.
Kva er eit skulemiljøteam?
Skulemiljøteamet skal støtte skulane i arbeidet med å:
- utvikle trygge og inkluderande skulemiljø
- førebygge mobbing og andre krenkingar
- følge opp elevar og skular med særlege utfordringar
- bidra i arbeidet med å redusere bekymringsfullt fråvær
- vere ein ressurs i saker som krev tett oppfølging, utan å overta ansvaret frå skulane
Teamet skal vere ein del av den breie innsatsen for å førebygge utanforskap, marginalisering og kriminalitet blant barn og unge.
Koordinatorstilling lyst ut
Stillinga som koordinator for skulemiljøteamet er no lyst ut, med søknadsfrist 3. august 2025. Koordinatoren vil få ei sentral rolle i å leie og utvikle teamet, og samarbeide tett med skulane i kommunen.
Stillingsannonse
Dette er eit viktig steg i arbeidet med å sikre at alle elevar i Sula kommune opplever skulen som ein trygg og god stad å vere.
Publisert 09.07.2025 10.49
Sist endra 09.07.2025 10.59