Informasjon til tilsette om omstillingsprosessen - 20.01.25

Godt nytt år til alle saman. Vi er godt i gang med det nye året og det er behov for ny fellesinformasjon til alle medarbeidarar i Sula kommune. Som de er kjent med arbeider vi med å omstille til ein sunn driftsøkonomi i Sula kommune.

Dette skjer no

Dei siste vekene har leiarane arbeidd med tiltak som skal bidra til å redusere driftskostnadar. Kommunedirektøren sin jobb er å samle dette og leggje fram ein tiltaksplan som skal bringe økonomien i balanse.

Tiltaksplanen skal behandlast av formannskapet den 28. januar og i kommunestyret 5. februar.

 Saken til dei politiske møta vert sendt ut ei veke før sjølve møtet. Saka om tiltaksplan vert difor sendt ut tysdag 21. januar. Då er altså tiltaksplanen offentleg og opent tilgjengeleg for alle. Einingsleiarane vil orientere sine medarbeidarar om innhaldet i tiltaksplanen i forkant av dette.

Det kjem til å bli ein del merksemd kring denne tiltaksplanen. Det er viktig å peike på  at ingenting er bestemt før kommunestyret har vedtatt saka i februar.

Dersom du får spørsmål frå brukarar eller pårørande som du ikkje kan svare på kan du vise til næraste leiar. Det er kommunedirektøren og leiinga som er ansvarleg for dei forslaga som ligg i denne tiltaksplanen.  

Omstilling og utvikling hand i hand

Å jobbe med  å redusere driftskostnadar betyr ikkje at utviklingsprosessar stoppar opp. Dette skjer parallelt fordi vi veit at endring og omstilling er nøkkelen til å skape gode tenester og god samfunnsutvikling også i framtida.  Uavhengig av økonomi er vi avhengig av å endre tenestene. At vi er i ein krevjande økonomiske situasjon gjer at endringane må kome raskare. 

Ein open og forsvarleg prosess

For å sikre ein open og forsvarleg prosess er det utarbeidd ei rutine for omstillinga saman med tillitsvalde, verneombod og arbeidsmiljøutvalet. Det er og utarbeida ein kort overordna plan for denne omstillingsprosessen spesielt. Her står det litt kort om bakgrunnen for prosessen og framdrifta i arbeidet. 

Fortløpande informasjon

I tida framover vert det sendt ut ein del informasjon på e-post, og det vil bli laga eit område på intranett og internett der det fortløpande vert lagt ut siste nytt i omstillingsarbeidet. Nokon vil sette pris på denne informasjonen. Andre vi kanskje tenkje at no vert det litt for mykje. Vi er ein stor organisasjon med mange hundre tilsette og vi opplever dette ulikt. 

Vi er og ulike i korleis vi opplever denne omstillingsprosessen. Nokon vil kjenne på uro i tida framover, medan andre tenkjer at dette ikkje påverkar dei i særleg grad. Det vi kan seie er at for dei aller fleste medarbeidarar i Sula kommune vi både stilling og arbeidsplass bli uendra i tida framover.

Det vi forventar er likevel at alle er gjer sitt beste i arbeidet med å gjennomføre dei endringane som vert bestemt.

Takk for at du las denne informasjonen, og ta kontakt med nærmaste leiar dersom noko er uklart.

Med vennleg helsing

Bente Glomset Vikhagen
kommunedirektør