Kven får tilbod om vaksine?
Vaksinasjonsprogrammet for vaksne er eit tilbod til vaksne og barn som, på grunn av alder eller helsetilstand, har auka risiko for å utvikle alvorleg sjukdom dersom dei får influensa, korona eller pneumokokksjukdom. Kommunane har ansvar for å sørge for at desse gruppene får tilbod om vaksine mot dei nemnde sjukdomane
Korona- og influensavaksine
Korona- og influensavaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne til alle som er 65 år og eldre, i tillegg til vaksne og barn i risikogrupper. Folkehelseinstituttet si oppdaterte tilråding er at dei som er 75 år og eldre bør ta koronavaksine, men alle mellom 65 og 74 år kan få vaksinen gjennom vaksinasjonsprogrammet dersom dei ønsker det.
Pneumokokkvaksine
Pneumokokkvaksine blir tilbydd i vaksinasjonsprogrammet for vaksne det året du fyller 65 år. Den første årsklassen som får tilbodet, er dei som er fødde i 1960. Dersom du er fødd i 1960 og ikkje nyttar deg av tilbodet i år, har du framleis rett til å få vaksinen seinare.
Korleis få vaksine
Kvar haust blir det sett opp eigne dagar for massevaksinering i Sula kommune, du kan sette alle 3 vaksinane same dag om du sjølv ønsker det. Hugs å bestille time. Dei som ikkje har fastlege på Sula, vil ikkje kunne bestille time via helsenorge.no, dei kan møte opp på drop-in.
Dato for massevaksinasjon 2025
Det blir massevaksinering ved Langevåg bedehus
- Onsdag 22. oktober, klokka 09:40 - 16:30
- Onsdag 05. november, klokka 09:40 - 16:00
Om du ikkje kan møte på dagane med massevaksinasjon, må du sjølv bestille time hos fastlegen din.
Slik bestiller du time
Du bestiller time på helsenorge.no:
- Logg inn
- Gå til “Timeavtalar” → “Bestill time” → “Ditt fastlegekontor”
- Velg “Vaksine”
- Velg dato og tidspunkt. Alle tidspunkt er på bedehuset i Langevåg.
- Skriv kva vaksine du ønsker i feltet “Hva gjelder det”
Dersom du ikkje er i ei gruppe som er omfatta av vaksinasjonsprogrammet, kan du likevel få vaksine. Fastlegen kan skrive ut resept, og du kan få satt vaksine på legekontoret eller apoteket. Det er andre prisar for dei som er utanfor programmet.
Pris
Prisane for vaksinane er fastsett av Helsedirektoratet jamfør Egenbetaling for vaksine og vaksinasjon i voksenvaksinasjonsprogrammet - Helsedirektoratet.