Varsel om oppstart av reguleringsplan med planavgrensing - Trygg skuleveg
Plan og miljøutvalet har vedtatt forelagt reguleringsplanavgrensning, planomriss, vist på kart datert 03.03.2026. Varsel om oppstart av reguleringsplan er i tråd med vedtak i K-sak 098/25 og F-sak 129/25.
Arealet gjeld frå Langevåg skule mot vest innanfor gitt avgrensing i kartet. Formålet med planen er å legge til rette for å betra forhold for mjuke trafikantar innan gitt planavgrensing.
Plandokument
Planomriss - kart (PDF, 3 MB)
Medveknad
Mange vil bli involver i det vidare arbeidet. Medveknad er lovheimla ved utarbeiding av reguleringsplan både ved offentleg ettersyn og ulike medverknadsprosessar. Plan og bygningslova §5-1 “Enhver som fremmer planforslag, skal legge til rette for medvirking” Desse er naturleg medverke i denne reguleringsplan:
- Naboar og råka partar gjennom oppstatsvarsel.
- Allmenta gjennom kunngjering av offentleg ettersyn.
- Møre og Romsdal fylkeskommune, Statsforvaltar, Statens vegvesen.
- Naboar, og andre relevante aktørar.
- Barn og unge gjennom barnetråkk og barnasrepresentant.
- FAU, skule, foreldre.
- Ungdomsråd skal ta del slik det kjem fram i F-sak 129/25.
- Medverknadsrådsorgan som eldreråd, råd for personar med nedsett funksjonsevne kan bli involvert.
- Andre det naturleg å inviterer med i planprosessen.
Innspel
Høyringsinnspel til planarbeidet kan sendast på ein av følgande måtar:
Merk innspel med saksnr. 26/376 eller namn på planen.
Frist for innspel: fredag 01.05.2026.
Publisert 05.03.2026 08.48
Sist endra 05.03.2026 08.51