Varsel om oppstart reguleringsplanarbeid Erdalgarden gnr/bnr 87/5 m.fl

I medhald av pbl §12-8 blir det varsla oppstart av detaljregulering av eit område gnr/bnr 87/5 m.fl., Erdalgarden, som ligg inn mot Djupvikvatnet på Sula.

Planområdet er ikkje regulert frå før. I kommuneplanen er området sett av til bustadføremål, LNF og naturvern, som blir vidareført. Det blir regulert inn køyretilkomst og leikeplassar, samt gangforbindelsar gjennom planområdet. Det er ikkje krav om planprogram og konsekvensutgreiing.
Utnyttingsgraden blir truleg lik eller høgare enn i dagens tilgrensande bustadområde, 30–40 % BYA.

Plandokument

Innspel

Nordplan AS er plankonsulent. Innspel til planarbeidet skal sendast skriftleg, gjerne via e-post til lr@nordplan.no, eller til Nordplan AS avd. Ålesund v/ L. Robinson, Notenesgata 14, 6002 Ålesund.

Frist for innspel: fredag 16.02.2026.