Verdsdagen for psykisk helse 2025

Verdsdagen for psykisk helse blir markert 10. oktober kvart år. Årets kampanje inviterer til ein felles innsats for å styrke vår psykiske motstandskraft i ei uroleg tid.

Det kjem dagar som endrar alt. Nokre kriser slår ned som lyn frå klar himmel – som terrorangrepet 22. juli 2011. Andre kjem snikande, som uroa som legg seg i brystet, einsemd som kryp inn i kvardagen, eller fellesskap som sakte glir frå kvarandre.

Det einaste vi veit, er at ingen går heilt fri. Mange kjenner på uro og uvisse – både i verda rundt oss og i sitt eige liv. Det krev nye måtar å ta vare på den psykiske helsa vår – som enkeltpersonar og som samfunn.

Morgondagen har alltid vore uforutsigbar. Derfor treng vi å styrke den psykiske beredskapen vår.

Kva står på spel?

Når utryggleiken brer seg i samfunnet, merkar vi det – i kroppen, i relasjonane våre og i måten vi tenker om kvarandre.

Vi står i ei tid med aukande uro. Krig og konfliktar gjer oss utrygge, økonomisk usikkerheit påverkar kvardagen vår, klimakrisa eskalerer, og teknologiske endringar utfordrar samfunnsstrukturen vi kjenner.

  • Hjernen kan begynner å jobbe på høggir – ho leitar etter løysingar, men utan ein klar veg vidare kan det føre til konstant stress.
  • Du kan bli mindre beslutningsdyktig – det kan kjennast tryggare å ikkje gjere noko enn å ta feil val.
  • Du kan begynne å trekke deg unna folk – mange held ting for seg sjølv, men det kan gjere situasjonen endå vanskelegare.
  • Du kan bli meir defensiv eller irritert – stress kan få oss til å sjå problem der det ikkje er nokon, eller avvise hjelp vi eigentleg treng.
  • Fellesskapet rundt deg kan svekkast – i urolege tider ser vi ofte at mistillit og splitting aukar. Når vi føler oss truga, leitar vi etter fiendebilete i staden for løysingar.

Langvarig uvisse kan gjere oss meir urolege, stressa, sårbare og mindre tillitsfulle. Det svekkar dømmekrafta vår og aukar risikoen for psykiske lidingar. Når folk ikkje kjenner seg trygge, søkjer dei enkle svar og tydelege fiendar.

Dette tærer på evna vår til å stå i motgang – både som enkeltmenneske og som samfunn.

Sjekkliste for psykisk beredskap

Plakat med overskrifta «Sjekkliste for psykisk beredskap» på nynorsk. Lista inneheld ti punkt med råd for å ta vare på den psykiske helsa i krevjande situasjonar. Punkta inkluderer: stopp katastrofetankar, hald på rutinar, søk kontakt med andre, hald kroppen i gang, gi hovudet pause, gjer det som gir meining, set grenser, snakk om det, le kvar dag, og bruk tidlegare erfaringar. - Klikk for stort bileteSjekkliste for psykisk beredskap Verdsdagen for psykisk helse

 

Meir informasjon finn du på Verdensdagen for psykisk helse